Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Fylkespolitikarane: Stopp rasering av helsetilboda

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post

Fylkespolitikarane: Stopp rasering av helsetilboda

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok i dag ein felles uttale om helsetilbod i fylket. Dei krev eit likeverdig helsetilbod i heile regionen.

Eit samla fylkesutval krev eit likeverdig helsetilbod for alle i fylket. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

I uttalen, som vert sendt til helseforetaket i forkant av styremøtet i morgon, står det:

Stopp rasering av helsetilboda

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal krev ei likeverdig helsetilbod i heile fylket.Forslaget til innsparingar, med å legge ned fødeavdelinga ved Kristiansund sjukehus, rehabiliteringsentra i Aure og på Mork og døgntilbodet ved DPS på Sjøholt, gjer innbyggarane opprørte og utrygge. Fylkesutvalet forstår at den økonomiske situasjonen er vanskeleg, men krev at sparetiltak blir retta mot administrasjon og stabsfunksjoner og ikkje mot tilboda til pasientane. 

Fylkesutvalet kjem med ei sterk oppmoding til styret i Helse Møre og Romsdal om ikkje å vedta forslaget. 

Fødetilbodet for Nordmøre

Fylkesutvalet aksepterer ikkje at fødetilbodet i Kristiansund vert nedlagt. Lenger og vanskelegare reise og fare for fleire transportfødslar, gjer det utrygt for kvinner å føde. Det er inga akseptabel løysing at dei fødande på Nordmøre må ta inn på hotell i Molde veker før fødselen, i påvente av sjølve fødselen.

Sjukehusbygget i Molde er i dag ikkje eigna til å ta imot fleire pasientar

Funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i Kristiansund og Molde, før fellessjukehuset på Hjelset står ferdig, er i strid med avtalar og planar for fellessjukehuset. Det skaper stor frustrasjon og utryggleik både hos befolkning og tilsette, og kan bli mykje dyrare enn ei lita kortsiktig innsparing.  Sjukehusbygget i Molde er i dag ikkje eigna til å ta imot fleire pasientar/pasientgrupper.

Nedlegging av psykiatrisk døgntilbod og rehabiliteringsinstitusjonar er overkøyring av foket og kommunar

Fylkesutvalet aksepterer heller ikkje nedlegging av døgntilbodet på Sjøholt DPS eller rehabiliteringsinstitusjonane i Aure og på Mork. Kommunane har ikkje planar, kompetanse eller økonomi til å ta over desse tenestene som er avgjerande for at psykisk sjuke, slagpasientar , ms-pasientar, ulukkesramma osv. kan kome seg i arbeid eller få ein betre kvardag. 

Manglande økonomi

Fylkesutvalet er sterkt uroa over økonomien i Helse Møre og Romsdal. Trass innsparingstiltak, går det feil veg. Meir av same medisin hjelper ikkje. Utviding av administrasjonen med meir kontrollører har ikkje gitt gevinst. Fagfolka må mykje sterkare inn i styringssamtalar for å finne effektiv pasientbehandling og fylkesutvalet krev at HMR organiserar seg med stadleg leiing på kvart sjukehus, i tråd med gjeldande nasjonal helse- og sjukehusplan.

Det må kome ei rask evaluering av Magnussen-modellen for å få avklart om det er ei rettferdig og klok fordeling av pengar mellom helseføretaka, og mellom sjukehusa innan helseføretaka. 

Fylkesutvalet set spørsmålsteikn ved om føretaksmodellen fungerer for sjukehusdrift. Ingen synest å vere ansvarleg når økonomien sprekk og naudsynte tenester blir foreslått tatt bort. Dette skaper stor frustrasjon. Dagens profesjonelle styrer kjenner for dårleg område og folket dei skal gi forsvarlege  helsetenester til.

Fylkesutvalet meiner det må sjåast på om dei økonomiske ramane i helseføretaket er tilstrekkelege. Ein må også vurdere om helseføretaket bør tilførast friske midlar for å løyse det akkumulerte underskotet i føretaket, slik at ein får eit betre utganspunkt for å få kontroll med økonomien.