Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Halsa er årets ungdomskommune i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Lovise Almklov Lovise Almklov
UNG-koordinator
71 28 00 10 /
Mob. 452 66 018
Send e-post

Dokument

Halsa er årets ungdomskommune i Møre og Romsdal

Under dag ein av ungdommens fylkesting (UFT) vart Halsa kommune stemt fram som årets ungdomskommune av delegatane på tinget. Halsa kjempa mot Herøy og Molde om den gjeve tittelen.

Frå Halsa ungdomsråd stilte: f.v. Birgit Sæther Åsgård, Elisabeth Kristiansen Glåmen, Ingeborg Tunheim (nestleiar) og Peder Bergset Botten.

UFT-delegatane frå dei tre nominerte kommunane, fekk 15 minutt til å presentere kommunen sin og fortelje kvifor akkurat deira kommune fortente å bli årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Etter voteringa stakk altså Halsa av med den gjeve sigeren.

Halsa ungdomsråd ønsker å vere ein aktiv pådrivar for ungdommen i kommunen, og arrangerer fleire aktivitetar for og av ungdom gjennom heile året. I tillegg er ungdomsrådet strekt politisk engasjert, og får vere med på å sette saker som engasjerer ungdommen i kommunen på dagsorden.

Bilde av delegatane frå Halsa ungdomsråd på scena

Det sist året har Halsa ungdomsråd mellom anna deltatt i kommunereformarbeidet, jobba med temaplan for kulturminne og plan for barn og unge, heldt kurs i bruk av iPad for eldre, jobba med ungdomsintegrering, arrangert swingkurs for ungdom, skitur til Oppdal, og jobba med å betre kollektivtilbodet i kommunen.

 

 

Kva er Årets ungdomskommune?
Kvart år kårar ungdommens fylkesting årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Prisen skal gå til ein kommune som har utmerkt seg ved å legge til rette for ungdommar gjennom medverknad, skape gode møteplassar, bidra til eit allsidig fritidstilbod, eller på anna vis har gjort ein særskild innsats for ungdom i kommunen. Prisen består av ein diplom og kroner 10 000 som ungdomsrådet i årets ungdomskommune skal nytte til prosjekt/tiltak som vil gagne ungdom i kommunen.