Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > I neste veke er det møte i tre av hovudutvala

I neste veke er det møte i tre av hovudutvala

Tysdag er det møte i regional- og næringsutvalet. Onsdag er det møte  både i samferdselsutvalet og i kultur- og folkehelseutvalet. 

Sjå oversikta under for meir informasjon om kvart enkelt møte.

   
   

Regional- og næringsutvalet tysdag 13. mars

Fordeling av regionale utviklingsmidlar og Tiltaksfondet per 23. februar 2018, søknad om tilskot frå regionale utviklingsmidlar - etablering av regional trainee-ordning i Molderegionen og søknad om støtte til parallelloppdrag - utvikling av Elnesvågen sentrum er nokre av sakene som utvalet skal behandle. 

Tid: Tysdag 13. mars kl. 10.30 (behandlinga av saker startar kl. 13.00)
Stad: Rådhuset, Giske kommune. Møtet startar med ei orientering hos Nordic wildfish på Valderøya. Sjå møteinnkalling for detaljar. 

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her

Kontaktpersonar:

  • Runar Vestheim (Uavh.), leiar regional- og næringsutvalet, mob. 911 77 724
  • Bergljot Landstad, regional- og næringssjef, tlf. 71 28 02 13 / 900 89 213

_________________________________________________________________________

Samferdselsutvalet onsdag 14. mars

Lokalpolitisk behandling av bypakke Ålesund trinn 1 og plan- og byggeprogram 2018 – 2019 er nokre av sakene som utvalet skal behandle.

Tid: Onsdag 14. mars kl. 10.30 
Stad: Rom 700, Fylkeshuset i Molde

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her

Kontaktpersonar: 

  • Kristin Marie Sørheim (Sp), leiar samferdselsutvalet, mob. 952 86 060 
  • Arild Fuglseth, samferdselssjef, tlf. 71 28 02 67 / 915 30 085

________________________________________________________________

Kultur- og folkehelseutvalet onsdag 14. mars

Kunstpolitikk for Møre og Romsdal,  tilskot til kulturminne i verdsarvområdet og Skjergardsteneste i Møre og Romsdal - tilskot til drift og investering, er nokre av sakene som utvalet skal behandle. 

Tid: onsdag 14. mars kl. 10.30
Stad: Møterom 102, Fylkeshuset i Molde

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her

Kontaktpersonar: 

  • Marit Nerås Krogsæter (Sp), leiar kultur- og folkehelseutvalet, mob. 918 32 844
  • Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef, tlf. 71 28 03 38 / 482 81 547