Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Jobbar du med aktivitetar for ungdom? Søk på ungdomsmidlane!

Jobbar du med aktivitetar for ungdom? Søk på ungdomsmidlane!

Paintball, ballettskole, klatrevegg, LAN, motortreff er bare litt av alt ungdomsmidlane har gått til før. No kan du søke om støtte til ditt draumeprosjekt.

Ungdomspanelet deler ut midlar til prosjekt for ungdom. (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Kvart år deler Ungdomspanelet i Møre og Romsdal fylkeskommune ut 250.000 kr til prosjekt for ungdomar, fordelt på desember og april. No er det klart for ein ny søknadsrunde.

Skape engasjement

-  Alle som har eit prosjekt eller ønske om å realisere noko for ungdom, kan søke. Ikkje nøl med å sende inn ein søknad, det er veldig fint for oss i ungdomspanelet når folk engasjerer seg og det er mange søkarar. Alle blir vurdert, seier leiar i ungdomspanelet, Urte Karanauskaite.

Ungdomspanelet deler ut pengar til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement og ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen. Det gjeld både store og små tiltak, også nisjeprosjekt.

Mange ulike søkarar

Kommunar, organisasjonar og klubbar kan søke, men også andre som jobbar med prosjekt for ungdom. Tidligare har pengane for eksempel gått til å etablere den første ungdomsklubben nokosinne på Smøla, klatrevegg på Harøya og livredningskurs for ungdom. Andre døme er ulike friluftsturar, temadagar og helgeturar.

- Vi meiner at ungdomsmidlane er eit positivt tilskot, og at ungdomane sjølve får eit nærare kjennskap til ulike prosjekt som blir gjennomført i fylket, seier leiaren.

Enkelt å søke

-  Det er viktig å leggje ved eit budsjett og ei kortfatta, enkel skildring av kva pengane skal gå til. Ved sist utdeling opplevde vi at mange ikkje hadde hugsa på akkurat dette, avsluttar Karanauskaite.

Meir informasjon og søkeskjema på mrfylke.no/ungdomsmidlane.

Kontakt:

Urte Karanauskaite
leiar ungdomspanelet
Møre og Romsdal fylkeskommune
Tlf. 925 69 071