Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Likestillingsprisen 2018 går til Bygdepride i Ørsta/Volda

Kontaktperson

Marit Nerås Krogsæter
leiar i kultur- og folkehelseutvalet
mob. 918 32 844

Likestillingsprisen 2018 går til Bygdepride i Ørsta/Volda

Kultur og folkehelseutvalet vedtok i dag å tildele likestillingsprisen 2018 til Bygdepride.

5000 deltok på arrangementet i mai 2018. Her frå paraden. 

Foto: Kjell Arne Steinsvik

Likestillingsprisen blir delt ut kvart år til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar, skolar/skoleklasser, bedrifter, institusjonar, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for likestillingsarbeidet i fylket.

-Det er veldig kjekt å kunne dele ut årets pris til Bygdepride, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

I kriteria for prisen står det at prisen blir delt ut til ein person eller instans som har utmerka seg positivt i arbeidet med å fremme:

  • Likestilling i arbeid for frie val og like moglegheiter utan omsyn av kjønn, alder, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisitet og språkval, nynorsk/bokmål
  • Likestilling mellom kvinner og menn
  • Likestilling mellom etniske minoritetar og majoriteten
  • Likestilling mellom funksjonshemma og ikkje funksjonshemma

Likestillingsprisen for 2018 har vore annonsert på heimesida, Facebook-sida og Instagram-kontoen til fylkeskommunen med frist for innsending av forslag til kandidatar 15. august. Det kom i år fem forslag på kandidatar fordelt på tre personar/organisasjonar.

 

Prisen blir delt ut på fylkestinget i Geiranger 15. oktober. Prisen er ein diplom, kunstverk og 15 000 kroner.

 

 

Om prisvinnaren: Bygdepride Ørsta/Volda

Ørsta/Volda Pride vart etablert som organisasjon i 2017, og har som formål å fokusere på lesbiske, homofile, bifile og transpersonar sine rettar i bygdemiljøet. 10.-13. mai 2018 vart det for første gong arrangert eit Pride-arrangement i Ørsta og Volda. Arrangementet hadde stor oppslutning frå om lag 5000 personar. Ørsta/Volda pride er ein del av organisasjonen FRI, Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold.

Bygdepride satte fokus på skeive rettar, kjærleik, mangfald og glede. Innhaldet var mangfaldig med både parade, konsertar, kino og foredrag. Målet med festivalen var mellom anna å vise at Ørsta og Volda er eit lokalsamfunn som viser kjærleik, aksept og mangfald, der alle skal kjenne seg heime, og at ingen skal kjenne at det er nødvendig å flytte fordi ein er annleis.  Bygdepride hadde stor oppslutning frå innbyggarane, deltaking frå omlag 50 lag- og organisasjonar og hadde med landbruks- og matministeren og kulturministeren i paraden.

Dette er første gong det har vore arrangert Bygdepride-festival i Norge, og det er positivt at dette skjer i Møre og Romsdal. Arrangementet fikk stor mediedekning både lokalt og nasjonalt. Bygdepride har også inspirert andre til å arrangere liknande arrangement. Det er mange som flyttar frå små stader fordi dei ikkje føler at dei kan vere opne om legninga si. Gode bygdemiljø der det blir skapt gode fellesskap er viktig.

Bilde av styret i Ørsta/Volda pride 2018

Styret i pride: Anna Marta Holsvik, Marthe Sommervold, Anbjørn Steinholm Frislid, Ingrid Kristine Sylte, Rune Sæbønes og Roy Aleksander Farstad. Foto: Ingvild Runde.