Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Miljøprisen og Fylkeskulturprisen vart delt ut på fylkestinget

Miljøprisen og Fylkeskulturprisen vart delt ut på fylkestinget

Under opninga av fylkestinget på måndag vart både Miljøprisen og Fylkeskulturprisen delt ut. Miljøprisen gjekk i år til Sødahlhuset AS og Smøla Janitsjarorkester var mottakar av Fylkeskulturprisen.

Sødahlhuset AS mottok Miljøprisen 2018 under opninga av fylkestinget. Prisen blei delt ut av leiaren av kultur- og folkehelseutvalet Runar Vestheim og fylkesordførar Jon Aasen.

Tildelinga av Miljøprisen skjedde i november i regional- og næringsutvalet, men prisen som består av eit kunstverk og 15 000 kroner vart offisielt overrekt på måndag.

Sødahlhuset er ein kafé i sentrum av Åndalsnes med kortreist og berekraftig mat på menyen. Sødahlhuset opna i 2012, og eigarane har engasjert seg i det grøne skiftet frå første dag.

Du kan lese meir om prisvinnaren her og du kan sjå video fra prisutdelinga her.

Utdeling av Fylkeskulturprisen 2018

Smøla Janitsjarorkester mottok Fylkeskulturprisen 2018 under dag ein av fylkestinget. Prisen blei delt ut av leiar av kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter og fylkesordførar Jon Aasen. 

Fylkeskulturprisen til Smøla Janitsjarorkester

I november vedtok kultur- og folkehelseutvalet å gje fylkeskulturprisen for 2018 til Smøla Janitsjarorkester.

Orkesteret vart stifta i mars 1981, og er i dag eit av Møre og Romsdal sine fremste janitsjarorkester. Orkesteret kan vise både til eit sterkt lokalt og regionalt engasjement, og dei bygger bevist nordmørsk identitet og samhald, og rekrutterer nye medlemmer heile tida.

Du kan lese meir om prisvinnaren her og du kan sjå video fra prisutdelinga her.