Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Miljøprosjekt og rusførebygging - orienteringar under Fylkestinget

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 62 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Miljøprosjekt og rusførebygging - orienteringar under Fylkestinget

Onsdag starta Fylkestinget med to orienteringar. Først var det ei orientering om det internasjonale arbeidet i fylkeskommuen ved internasjonal koordinator Birgit Aarønæs. Miljøkoordinator Guri Bugge presenterte EU-prosjektet Beyond Energy Action Strategies (BEAST).

Guri Bugge presentasjon av BEAST

Miljøkoordinator Guri Bugge

Møre og Romsdal fylkeskommune skal saman med åtte europeiske partnarar, gjennomføre eit større EU-prosjekt, for gjennomføring av klimaplaner.

Bioenergianlegg og hurtigladarstasjonar
Bugge fortalde om BEAST, som er eit prosjekt som skal fremje samhandling mellom ulike aktørar. Møre og Romsdal fylkeskommune har tre mål som vi skal gjennomføre i løpet av prosjektperioden. Det første målet er SAVE, gjennomføring av Miljøfyrtårnsertifisering av alle fylkeskommunale einingar.

Det andre målet er ALTENER. Her skal ein arbeide fram minst tre småskala bioenergianlegg (biogass/flisfyring) i fylket i løpet av to år. Det tredje målet er STEER. Når prosjektperioden er slutt skal ci ha undersøkt moglegheitene for elektriske bussar og båtar, og heile fylket skal vere tilgjengeleg for elbilistar.

Trygt oppvekstmiljø er viktig for førebygging av rus

Den andre orienteringa var resultat frå undersøkinga Ungdata. Ungdata er ei kartlegging av den lokale oppvekstsituasjonen for elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Resultata vart lagt fram av seksjonsleiar Rita Valkvæ frå Kompetansesenter Rus Midt-Norge.

Undersøkinga byggjer på ungdommane si oppfatning av eigen oppvekst. Det at unge har eit trygt forhold til vaksne, mobbing og eit godt lokalsamfunn, er viktige faktorar når det gjeld førebygging av psykiske plager. Delen av ungdommar som har depressive symptom er større i familiar som har dårleg råd.

Ungdata viser ein samanheng mellom familieøkonomi, alkoholbruk, mediebruk, tobakksbruk og psykisk helse hos ungdom. Økonomisk skilnad, bidreg også til skilnader innanfor til helse.

Ungdommane i undersøkinga seier at familie og foreldre er viktig, og at alle unge treng trygge foreldre og oppvekstforhold. Valkvæ seier derfor at når vi skal arbeide med førebygging av psykisk helse og rusproblematikk, må ein sjå familiekontekst, arbeide med heilheta, og støtte foreldra som omsorgspersonar. 

Rita Valkvæ Kompetansesenter Rus Midt-Norge

Rita Valkvæ frå Kompetansesenter Rus Midt-Norge

 
BEAST bilde
 
1 co funded iee vert