Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Møte i fylkesutvalet 03. og 04 april

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Møte i fylkesutvalet 03.og 04. april

Det to dagar lange møte i fylkesutvalet har no starta opp. Rekneskap med resultatvurdering og årsmelding for 2016, anbodsutlysing av "Nordmørspakken" og kjøp av aksjar i ÅKP Blue Innovation Arena er mellom sakene utvalet skal behandle.

Møte starta med to orienteringar:
- Campus Kristiansund v/prosjektleiar Roland Mauset
- Synspunkt på NOU 2016:26 «Et fremtidsrettet kvotesystem» v/ organisasjonen Fiskebåt

Etter orienteringane vert det behandling av saker etter saklista. Frå kl. 13.00 og ut dagen vil det vere gruppemøte i dei ulike partia. Tysdag startar møte kl. 09.15.

Saker til behandling måndag 03.april: (Vedtaka vert lagt ut fortløpande)
U-18/17 Program for fylkestinget i Kristiansund 26. og 27. april 2017
Tilrådinga samrøystes vedteke
U-19/17 Klage på vedtak - Smøla kommune - frådeling til bustad gbnr 48/16 - dispensasjon frå kommuneplan og pbl §1-8
Tilrådinga samrøystes vedteke
U-21/17 Statleg sikring av friluftsområde i Møre og Romsdal - søknader for 2017 - tilråding
Tilrådinga samrøystes vedteke
U-22/17 Plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar - muligheiter for Møre og Romsdal
Tilrådinga samrøystes vedteke med eitt tillegg
U-23/17 Høyring av NOU 2016:26 - Eit framtidsretta kvotesystem
Tilrådinga vedteke med endring av pkt. 3 og pkt. 4
U-24/17 Eigedomsstrategi for Møre og Romsdal fylkeskommune 2017 - 2026
Tilrådinga samrøystes vedteke
U-25/17 K451 Fagerlia videregående skole - byggeprogram byggetrinn 1
Tilrådinga samrøystes vedteke
U-26/17 Høyring; "Utgiftsbehov til ferjer og hurtigbåter"
Tilrådinga samrøystes vedteke
U-27/17 Anbodsutlysing av "Nordmørspakken"
Det vart fremma nytt forslag til vedtak frå Kristin Sørheim (Sp) m/fleire. Ved votering vart Sørheim sitt forslag samrøystes vedteke.

Referatsak: RS-2/17 Kopi: Oversending til departementet - Reguleringsplan Syltemoa Sandtak 
 Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg – 03. april:

Saker til behandling tysdag 04. april:
U-28/17 Rekneskap med resultatvurdering og årsmelding for 2016
Tilrådinga samrøystes vedteke  
U-29/17 Endring av budsjett 2017
Tilrådinga samrøystes vedteke         
U-31/17 Kristiansund videregående skole – B09, B08-BT2  
Tilrådinga samrøystes vedteke.
U-32/17 Energi og klimatiltak i fylkeskommunale bygg 

Tilrådinga samrøystes vedteke..Det vart vedteke eitt tilleggspunkt i tiltakspakken

U-33/17 FylkesROS Møre og Romsdal
Tilrådinga samrøystes vedteke  
U-34/17 ÅKP Blue Innovation Arena   
Tilrådinga samrøystes vedteke
U-35/17 Forskings- og innovasjonsstrategi for kommunal sektor i Møre og Romsdal 2017-2020
Tilrådinga samrøystes vedteke
Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg – 04. april: