Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Møte i fylkesutvalet 19. og 20. november

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Møte i fylkesutvalet 19. og 20. november

Det to dagar møte i fylkesutvalet har no starta opp. skal meUtvalet skal mellom anna behandle kvalitetsmeldinga 2018 for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, tal på representantar i fylkestinget 2019-2020 og innføring av betaling av nullsleppskøyretøy Fv 64 Atlanterhavstunnelen.

Frå kl. 12 på måndag vil det vere gruppemøtei dei ulike partia. Frå  kl.14.00 skal alle dei fire hovudutvala skal behandle økonomiplan med handlingsplan 2019-2022 med budsjett for 2019​. I tillegg til denne, skal samferdselsutvalet behandle ei sak om Forskotering av fylkesvegprosjekt og Nordøyvegen - anbodskonkurranse K5.

Sakliste mandag 19. november

U-100/18 Program for fylkestinget i Molde 10. - 12. desember 2018
Tilrådinga samrøystes vedteken.
U-101/18 Ørsta kommune - klage på frådeling av to tomter til to fritidsbustader, gbnr. 119/3, Urke
Knut Støbak (Krf) og Frank Sve (Frp) la fram alternativt forslag til vedtak. Ved votering fekk forslaget fire stemmer, og fall. Tilrådinga vedteken.
U-102/18 Fv. 64 Atlanterhavstunnelen - innføring av betaling for nullutsleppskøyretøy
Tilrådinga samrøystes vedteken.
U-103/18 Ny høyring - Forslag til forskrift om endring av forskrift om miljømessig sikkerheit for skip og flyttbare innretningar
Tilrådinga samrøystes vedteken.
U-104/18 Høyring - endringar i lov 21.06.2002 nr 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy - yrkestransportlova. 
Charles Tøsse (H) m/fleire la fram nytt forslag til vedtak. Ved votering fekk Tøsse (H) sitt forslag 4 stemmer og fall. Tilrådinga vedteken. 

Sakliste tysdag 20. november
U-105/18 Endring av budsjettet for 2018
Tilrådinga samrøystes vedteken.
U-106/18 Tal representantar i fylkestinget 2019-2022
Tilrådinga samrøystes vedteken.
U-107/18 Kvalitetsmeldinga 2018 for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal
Tilrådinga samrøystes vedteken.
U-108/18 Program for folkehelsearbeid i kommunane - søknad om å bli programfylke frå 2019
Tilrådinga samrøystes vedteken.
U-109/18 Forskotering av fylkesvegprosjekt 
Tilrådinga samrøystes vedteken. Obs. Ny tilråding frå fylkesrådmannen etter møte i Samferdselsutvalet 19.11.2018.
U-110/18 Konkurranseutsetting bussruter rutepakke 1 Ålesund, Sula og Giske kommunar Unntatt of
U-111/18 Kravspesifikasjon Ytre Sunnmøre  Unntatt off

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg