Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Møte i fylkesutvalet 26. Juni

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Rådmann
71 28 01 62 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Møte i fylkesutvalet 26. Juni

Siste møte i fylkesutvalet før sommaren har no starta opp. Oppretting av aksjeselskap - Ocean Industry School, uttale i samband med etablering av deponi for ordinært avfall på Raudsand og finansiering av kapasitetsauke Rute 14 Stranda – Liabygda er mellom sakene utvalet skal behandle. 

Møte starta med ei orientering frå dagleg leiar Nils Roar Hareide om aktiviteten ved Runde miljøsenter.

Saker til behandling:

Saksnr      Innhald  (vedtaka vert lagt ut fortløpande)

U 68/17    Oppretting av aksjeselskap - Ocean Industry School (OIS)
Tilrådinga samrøystes vedteke
U 69/17    Innspel til ei ny forvalting av store rovdyr i norsk natur
U 70/17    Nesset kommune - etablering av deponi for ordinært avfall på Raudsand - Bergmesteren   Raudsand AS - fråsegn til høyring av driftssøknad 
Kristin Sørheim (Sp) vart kjent innhabil og tredde frå under behandlinga. Ingunn Golmen (Sp) inntok Sørheim plass.
Tilrådinga samrøystes vedteke.
U 71/17    Finansiering av kapasitetsauke på Rute 14 Stranda -   Liabygda
Kristin Sørheim (Sp) m/fleire la fram eit alternativt forslag til vedtak. Ved votering vart fellesforslaget samrøystes vedteke.
U 72/17    Møteplan for fylkesutval og fylkesting 2018
Tilrådinga samrøystes vedteke med eit tillegg.
U 73/17    Fullmakt til fylkesordførar og fylkesrådmann ("feriefullmakt")
Tilrådinga samrøystes vedteke
 U 74/17  Søknad om økonomisk støtte og bidrag til TV-aksjonen 2017
Gunn Berit Gjerde (V) m/ fleire la fram alternativt forslag til vedtak. Ved votering vart det alterantive forslaget samrøystes vedteke.    

RS 6/17   Nesset kommune - etablering av deponi for ordinært avfall på Raudsand - Bergmesteren Raudsand AS - fråsegn til høyring av driftssøknad

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg