Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > No kan du søke på ungdomsmidlane

Kontaktpersonar

Lovise Almklov Lovise Almklov
I permisjon
Ipermisjon
Send e-post

No kan du søke på ungdomsmidlane

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal fordeler 125.000 kroner to gongar i året til prosjekt for ungdom. Neste søknadsfrist er 1.april.

Ungdomspanelet skal fordele 125 000 kroner til tiltak for ungdom. Hugs å søke innan 1. april!

Støtta blir gitt til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen. Slik vil ungdomspanelet gi ungdomane ein sjanse til å realisere draumeprosjektet.

Stort mangfald blant søkarane

-Vi vil støtte alt som kan glede ungdommen. Kanskje du ønsker å arrangere LAN, pusse opp ein ungdomsklubb eller få ein skatepark. Då kan du søke om ungdomsmidlar og få støtte til akkurat ditt prosjekt! Plutseleg har du pengar til å kjøpe inn datamaskiner, ei ny scene eller anna utstyr, seier Urtė Karanauskaitė, leiar i ungdomspanelet.

Det stort mangfald i søknadene. Det siste året har ungdomspanelet mellom anna delt ut pengar til nytt utstyr til ein kickboxingklubb, paintball, ungdomshus og barneteater. Organiserte aktivitetar for ungdom som ulike friluftsturar, temadag og helgeturar har også fått støtte. Andre døme er arrangement som motortreff og LAN.

Ungdomspanelet håpar på mange søknader

-Ungdomsmidlane er eit viktig tiltak, det gir Møre og Romsdal  ein sjanse til å fange opp den store breidda av ungdomsaktivitet rundt i fylket. Det gir også rom til å støtte fleire nisjeprosjekt. Ungdomsmidlane gir moglegheit for alle tiltak i ungdommen sin favør, store og små, til å bli gjennomført, fortel Ole August Iversen, nestleiar i ungdomspanelet.

-Vi veit at det er mange unge i Møre og Romsdal som er engasjert og sit på mange gode idear. Vi håper derfor at ungdommen vår søker på ungdomsmidlar og får ei moglegheit til å gjennomføre sitt draumeprosjekt, avsluttar Urte Karanauskaite.

 

Her finn du søknadsskjema for ungdomsmidlane mrfylke.no/ungdomsmidlane