Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Plastfritt Giske får miljøpris

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
Leiar av Regional- og Næringsutvalet
Mob. 911 77 724
Send e-post

Plastfritt Giske får miljøpris

På måndag vedtok regional- og næringsutvalet at miljøprisen 2017 går til den frivillige organisasjonen Plastfritt Giske.

Bilde av dei blide jentene i Plastfritt Giske. Frå venstre Ina Giske (initiativtakar), Bente Fiskerstrand og Janne Farstad. (Foto Synnøve Ekroll)

Organisasjonen arbeider for eit plastfritt hav, og organiserer både ryddedugnad og andre aksjonar for å halde fjæra fri for søppel. Initiativtakarane på Giske har engasjert store og små og har fått med seg både skole og bibliotek på laget. Til saman har dei samla inn mellom sju tonn plast.

-Ei av dei største miljøutfordringane vi har er forsøpling i havet. Mikroplast har negativ påverknad på det marine økosystemet og naturmangfaldet. Vi er imponert over kva initiativtakarane til Plastfritt Giske har fått til. Dei har gått systematisk til verks og rydda øyane rundt Giske, seier leiar i regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.

I tillegg til heider og ære består miljøprisen av eit kunstverk av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Prisen blir delt ut under fylkestingstinget i desember.

Tidlegare vinnarar av Møre og Romsdal fylkeskommune sin miljøpris

  • 2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS
  • 2015: Stranda Prolog AS
  • 2014: Naturvernforbundet
  • 2013: Standal knuseverk AS
  • 2012: Alv Ottar Folkestad
  • 2011: Norsøk
  • 2010: Olav Bye
  • 2009: Runde miljøsenter