Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Positive til dei nye oppgåvene som regjeringa har foreslått å overføre, men forventar meir

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post

Positive til dei nye oppgåvene som regjeringa har foreslått å overføre, men forventar meir

- Fylkeskommunane kan no få eit meir heilskapleg regionalt ansvar innan samferdsel, kompetanse, næringsutvikling, landbruk, forsking, kulturminner og folkehelse, heiter det i ein uttale frå fylkesutvalet.

Fylkesutvalet meiner dei foreslåtte oppgåvene til fylkeskommunen er ein god start, men forventar fleire. (Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Uttalen vart vedteke i fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune den 29. oktober. Den tek for seg regjeringa sitt forslag til nye oppgåver og større ansvar til dei nye regionane.

I uttalen står det mellom anna:

- Det er ein god start på arbeidet med å styrke fylkeskommunane som samfunnsutviklarar, og er ei forståing av fylkeskommunane sin kompetanse og moglegheiter som samfunnsutviklar. (...) Dei nye oppgåvene passer godt inn i den oppgåveporteføljen fylkeskommunane allereie har.

Det er foreslått nye oppgåver og større ansvar for samferdsel, kompetanse og integrering, kulturminner og folkehelse.

Uttalen er særleg positiv til regjeringsforslaget om å utvide ansvaret for regional kompetansepolitikk, fordi det gir ein gevinst å knytte kompetansepolitikken nærmare ansvaret som fylkeskommunen allereie har for vidaregåande skole, fagskolar, forsking, nærings- og innovasjonspolitikken.

Ei lang rekke oppgåver er føreslått vurdert eller utgreia i eigne prosessar. Møre og Romsdal fylkeskommune forventar at desse oppgåvene også blir lagt til det regionale folkevalte nivået.

Vil ha nye oppgåver og ikkje berre oppdragsgivaransvar

Fylkeskommunen er derimot ikkje fornøgd med forslaget til næringspolitiske oppgåver.

- Det står at fylkeskommunen skal få oppdragsgivaransvaret for næringsprogram inkubatorprogram, mentorprogram og bedriftsnettverk. For fylkeskommunen er det viktig å få oppgåvene, ikkje berre oppdragsgivaransvaret.

Statsbudsjettet må spegle oppgåvemeldinga

Fylkesutvalet påpeiker også på at oppgåvemeldinga ikkje heng i hop med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

- Møre og Romsdal fylkeskommune krev at det følger finansiering med dei nye oppgåvene og at statlege etatar som skal gi frå seg oppgåver ikkje bygger ned innsatsen sin i ein overgangsfase. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er imot intensjonen i regionreforma å kutte i statlege overføringar til regionale utviklingstiltak, i midlar til breibandsutvikling og regionale forskingsfond året før reforma skal tre i kraft, slik regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2019.

Les oversikt over foreslåtte oppgåver til fylkeskommunane og heile uttalen vedteke i fylkesutvalet.

Stortingsmeldinga er no til behandling i kommunal- og forvaltningskomiteen og skal til høyring den 20. november.