Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Sommarstatus frå ungdomspanelet

Sommarstatus frå ungdomspanelet

Da det blei valt nytt ungdomspanel i november 2016, var vi ein spent og ivrig gjeng som trådde til i dei nye verva våre.

Ungdomspanelet 2016/2017

Første utfordring kom allereie måndagen etter valet, då ungdomspanelets leiar, Norunn Brøste Kjersem blei invitert av NRK til å komme å snakke om det nyvalte panelet i studio. 

Like etter kom det ein invitasjon om å delta på eit dialogmøte saman med Solveig Horne og Barne-, likestillings- og inkluderingsdirektoratet. Den engasjerte sunndalsguten Ulv Karlsen Ottem reiste nedover til Oslo. Under dialogmøtet lærte han masse, og fekk også komme med viktige innspel til ministeren.

Det første offisielle møtet

Sjølv om vi i ungdomspanelet starta å arbeide allereie dagen etter valet, var det første offisielle møtet 12. desember 2016. På det møtet blei både faste- og varamedlemmar kalla inn. Den største saka vår var å fordele ungdomsmidlane. Å fordele 125 000 kr på så mange gode søkarar, er ikkje berre enkelt, men vi jobba strukturert og fekk til slutt dratt det i land.

I tillegg til å fordele ungdomsmidlane, hadde vi ei evaluering av ungdommens fylkesting (UFT) 2016, fordeling av kven som skulle representere ungdomspanelet i hovudutvala, trafikktryggingsutvalet og dei rådgivane utvala for 2016/2017, og fordeling av ansvarskommunar. Ei anna viktig oppgåve på det første møtet var å gå gjennom arbeidslista som UFT hadde vedtatt i november.

For å feire det nye ungdomspanelet, og gjere oss klare for eit hardt, men innhaldsrikt år, blei det heile sparka i gang med ein skikkelig julemiddag.

Utdeling av pris og deltaking på konferansar

Årets ungdomskommune 2016 - Smøla

Utover våren var det mange ting som opptok Ungdomspanelet. Vi overrekte prisen ”Årets Ungdomskommune” til Smøla kommune for særs god tilrettelegging for barne- og unges oppvekstvilkår, samt barn og ungdoms moglegheit til å medverke i saker som angår ungdom i eigen kommune. 

Vi deltok også på konferansen ”Actis”. Ein konferanse om ruspolitikk og rusmiddel for ungdomsråd og ungdomsorganisasjonar i Møre og Romsdal fylke. Vi har i heile år jobba opp i mot kampanja ”Stopp hat prat”.

Vi satte viktige tema på dagsorden

Ei av hovudsatsingane som blei vedtatt på Ungdommens fylkesting i 2016, var likestilling, integrering og inkludering. Mars var ein månad der ungdomspanelet satte temaet på dagsorden. I forbindelse med 8. mars, skreiv ungdomspanelets leiar, Norunn Brøste Kjersem, ein kronikk om Møre og Romsdal si skeive kjønnsfordeling av kvinner og menn i næringslivet. Kronikken skapte masse blest og debatt rundt temaet i fleire lokale aviser.

Ei sak som derimot skapte enda meir engasjement var stortingets behandling av lovfesta medverkningsorgan for unge. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtok nemleg at ungdomsråd ikkje skulle vere lovfesta, slik som dei andre medverkningsorgana er. Urte Karanuskaite og Åse Kristin Bjørnerås Hopen gjekk ut med eit kraftig motargument, og skreiv ein kronikk som mellom anna blei trykt i Aftenposten.

Miljø og klima er viktig for ungdomspanelet

Miljø og klima er også blant hovudstasingane som vart vedtatt at ungdomspanelet skulle jobbe med i 2016/2017 under ungdommens fylkesting. Møre og Romsdal fylkeskommune har jobba hardt med å tenke miljøvennleg, og å tenke innovasjon. Det fekk vi sjå på marsmøtet på Finnøya da bygge- og vedlikehaldssjef Per Olaf Brekkan kom for å vise oss dei nye planane til skolebygga som skal byggast i fylket. Brekkan kunne fortelle oss om nytenkande innovasjonsbygg med mange smarte løsningar som er bærekraftig, ikkje berre i dag, men også om 50 år. Ungdomspanelet var derfor på befaring og omvisning  på Romsdal videregående skole, som er eit av desse fantastiske nye bygga.

Ungdomspanelet 2016 samling
 
Bilde av Ulv og Norun på Romsdal vgs

Elles har Ungdomspanelet deltatt på tettstakonferansen, høyrt på foredrag om Rosa kompetanse, jobba med samferdsels nye tilbod ”FRAM UNG- periodebillett for ungdom”, og ung kultur møtes (UKM).

Les meir om ungdomspanelet her!