Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Stein Berg Oshaug ny styreleiar i Molde Internasjonal Jazz Festival

Kontaktpersonar

Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Stein Berg Oshaug ny styreleiar i Molde Internasjonal Jazz Festival

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppnemnt Stein Berg Oshaug som ny styreleiar i Moldejazz.

Foto: privat

–Med Oshaug har Moldejazz fått ein styreleiar med brei fagleg bakgrunn og lang leiarerfaring. Vi er svært glad for at vi har fått Stein Berg Oshaug til det viktige styreleiarvervet, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. 

Stein Berg Oshaug er utdanna sivilingeniør frå NTH og er administrerande direktør i Oshaug metall i Molde. Oshaug har ei brei erfaring frå ulike organisasjons- og styreverv, og er godt kjent for sitt breie samfunnsengasjement.

–Berg Oshaug vil bli ein viktig bidragsytar i den vidare utviklinga av Moldejazz, avsluttar Guttelvik. 

Stein Berg Oshaug blir styreleiar frå 01.08.17.