Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Torunn Haldorsen får Likestillingsprisen 2017

Torunn Haldorsen får Likestillingsprisen 2017

Bakgrunnen for prisen er Haldorsen sitt arbeid for fremme openheit om seksuell orientering.  

Torunn Haldorsen får Likestillingsprisen 2017

- Torunn Haldorsen har gjennom sitt store engsjement og nybrotsarbeid for LHBT-personar , vore med på å fremme openheit om seksuell orientering, seier leiar i kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut sin eigen likestillingspris. Prisen for 2017 blir delt ut under fylkestinget 16. oktober. Prisen er kr 15.000,- og eit kunstverk.  Tildelinga vart gjort i møte i kultur- og folkehelseutvalet i dag med følgjande grunngjeving:  

«Torunn Haldorsen har vist til eit stort engasjement for å etablere møteplassar for LHBT-personar (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar). Ho har gjort eit nybrotsarbeid og skapt eit godt grunnlag som andre «skeive» engasjerte personar kan jobbe ut frå. Framleis kan det vere mange som har sterke fordommar til LHBT-personar. Haldorsen har vore drivkrafta for å etablere årlege og månadlege arrangement som har deltakarar frå heile fylket.»

Torunn Haldorsen danna gruppa Molde på skeiva i 1997. I dag arrangerer denne foreininga fleire arrangement gjennom året, som har deltakarar frå heile fylket. 

-Vi er glade for å kunne gje denne prisen til Torunn Halvorsen. I kriteria for likestillingsprisen heiter det at personar eller instansar som har utmerka seg positivt i arbeidet med å fremme likestilling i arbeid for frie val og like moglegheiter utan omsyn av kjønn, alder, seksuell legning, funksjonsevne, etnisitet og språkval, nynorsk/bokmål kan få prisen. Haldorsen har utan tvil utmerka seg positivt i arbeidet med å fremme likestilling for LHBT-personar, avsluttar Nerås Krogsæter. 

Kontaktperson:

Marit Nerås Krogsæter, leiar kultur- og folkehelseutvalet, mob. 918 32 844