Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Ungdommens fylkesting har kåra Ulstein kommune til årets ungdomskommune

Ungdommens fylkesting har kåra Ulstein kommune til årets ungdomskommune

I dag har rundt 80 ungdommar frå heile fylket kåra Ulstein til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal under dag ein av ungdommens fylkesting. Det var totalt fire kommunar som kjempa om den gjeve tittelen: Surnadal, Skodje, Nesset og Ulstein.

Fv. Henrikke Antonsen og Erica Solhjem frå Ulstein ungdomsråd. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Ulstein kommune har utmerka seg med særskilte tiltak som ikkje berre gagnar ungdom, men heile lokalbefolkninga. –Ulstein kommune har eit svært godt fungerande ungdomsråd som ofte blir tatt med under planlegging og tilrettelegging. Ungdomsrådet blir også lytta til av kommunepolitikarane, og er årleg i kommunestyret for å fremme sine saker, fortel Henrikke Antonsen og Erica Solhjem som representerer Ulstein kommune på tinget denne helga.

Ung medverknad i både kommunereforma og i sentrumsutviklinga

I arbeidet med kommunereforma har ungdomsrådet i Ulstein vore ein aktiv medspelar frå starten av, og hadde ein fast representant i kommunen si prosjektgruppe. – Vi i ungdomsrådet arrangerte til og med ein eigen ungdomskonferanse for alle ungdommane i dei to kommunane Ulstein og Hareid for å høyre ungdommen si meining. Konferansen samla om lag 600 ungdommar som diskuterte kommunereforma. Resultatet frå samlinga sendte vi over til kommunepolitikarane, seier Antonsen og Solhjem.

I tillegg til å arbeide har både ungdomspanelet og elevar frå ungdomsskolen vore med i sentrumsutviklinga i Ulstein. Her fekk ungdommane bli med og kome med sine tankar og idear om kva som er viktig i eit sentrum.

Allsidig fritidstilbod for ungdom i kommunen

Ungdom i Ulstein har ei lang rekke forskjellige aktivitetar som dei kan delta på. -Kulturskolen vår har romslege og moderne lokale, og innanfor idretten er fotball, turn, rytmisk gymnastikk, handball, fridrett, kampsport, segling, dykking og golf noko av det allsidige tilbodet fortel Antonsen og Solhjem. I tillegg har vi fleire uformelle møtestadar som gymsal, sykkelpark badeland, bibliotek, klivrehallen, Saunesparken og Bell Ungdomsklubb.

- Vi synes det er trygt og godt å vekse opp i Ulstein. Det er slik vi vil ha det, og saman skal vi gjere vårt for at Ulstein held fram å vere ein stad det er attraktivt og godt å vere ung innbyggar, avsluttar Antonsen og Solhjem.

 

Kva er årets ungdomskommune?

Kvar haust delar ungdommens fylkesting ut prisen Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Prisen skal gå til ein kommune som har utmerka seg ved å legge til rette for medverknad for ungdom, skape gode møtestader for ungdom, bidra til eitt allsidig fritidstilbod for ungdom, eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen.

Prisen består av eit diplom og kroner 10 000 som ungdomsrådet i årets ungdomskommune skal nytte til prosjekt/tiltak som vil gagne ungdom.