Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Urtė Karanauskaitė (18 år) er valt som ny leiar av ungdomspanelet

Urtė Karanauskaitė (18 år) er valt som ny leiar av ungdomspanelet

Under den siste dagen av ungdommens fylkesting vart Urtė Karanauskaitė valt til leiar av ungdomspanelet i Møre og Romsdal for perioden 2018/2019. Dette blir Urtė sitt tredje år i ungdomspanelet, og det andre året som leiar.

Bak fv.v. Andrea Kjellstad, Joakim Myklebost Tangen, Jonas Skogtrø Olsen, Ole Stensby, Thea Elise Gråberg, Ester Annie Brende, Ole August Iversen,

Forran f.v. Silje Sandøy Husøy, Lene Vadseth Larsgård, John Salthammer, Urtė Karanauskaitė, Sigurd Farstad, Hedda Haugen, Erica Ruiz Solhjem

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

- Eg ønsker at ungdom i Møre og Romsdal skal bli høyrt og at stemma vår blir tatt på alvor i viktige saker som gjeld fylket vårt, fortel Urtė Karanauskaitė.

Gjennom sine tidligare verv i ungdomspanelet, har Urtė vist at hardt arbeid og pågangsmot kan utrette mykje bra for ungdommen i Møre og Romsdal. Valkomiteen skriv i innstillinga si at Urtė har lagt sjela si i arbeidet ho har gjort for ungdomspanelet det siste året, og at ho har eit brennande ønske om å få fortsette å utvikle ungdomspanelet i kommande periode.

Ser fram til eit godt samarbeid

- Eg er veldig glad for at eg fekk fornya tillit som leiar av ungdomspanelet. Eg gler meg kjempemykje til å leie eit team som set unge først, og saman jobbar for at heile fylket skal gjere det same. Det nye ungdomspanelet består av både nye og gamle engasjerte ungdommar som eg verkeleg har trua på, og eg ser fram til det nye året og alt vi kan utrette saman, sier Urtė Karanauskaitė.

Nestleiar frå Aukra

Til vervet som nestleiar har ungdommens fylkesting valtOle August Iversen (19 år) frå Aukra. Ole August har hatt vervet som nestleiar sidan mars, har har i følge valkomiteen vist at han kan utføre rolla med storm.

- Eg og Ole August utfyller kvarandre godt. Han er meir balansert og roleg enn meg, noko som gir leiarskapet vårt ein stabilitet. Ole August er lett å samarbeide med og eg ser fram til å få til enda meir saman, Avsluttar Karanauskaitė.

 

 

Ungdomspanelet 2018/2019

Leiar: Urtė Karanauskaitė, 18 år, Sande (1 år)
Nestleiar: Ole August Iversen, 19 år, Aukra (1 år)

Medlem: Thea Elise Gråberg, 17 år, Rauma (2 år)
Medlem: Joakim Myklebost Tangen, Gjemnes (2 år)
Medlem: John Salthammer, 15 år, Vestnes (2 år)
Medlem: Lene Vadseth Larsgård, 19 år, Ålesund (1 år - ikkje på val)
Medlem: Ole Stensby, 19 år, Surnadal (1 år - ikkje på val)
Medlem: Silje Sandøy Husøy 17 år, Sandøy (1 år - ikkje på val)
Medlem: Hedda Haugen, 16 år, Sunndal (1 år - ikkje på val)

1. vara: Sigurd Farstad, 19 år, Molde (1 år)
2. vara: Ester Annie Brende, 16 år, Smøla (1 år)
3. vara: Jonas Skogtrø Olsen, 19 år, Ålesund (1 år)
4. vara: Erica Ruiz Solhjem, 15 år, Ulstein (1 år)
5. Vara: Andrea Kjellstad, 17 år, Stranda (1 år)

 

Ungdomspanelet er ungdommens fylkesting sitt arbeidsutval. Dei har om lag 9 møte i året og skal representere ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå og ha kontakt med lokale ungdomsråd.

Gjennom ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommar sitt samfunnsengasjement og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.

Ungdomspanelet skal vere eit høyrings- og rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune. Ungdomspanelet kan sjølv ta opp saker dei ønsker fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen.