Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Vedtok Nordøyvegen - anbodskonkurranse K5

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post

Vedtok Nordøyvegen - anbodskonkurranse K5

Med 26 mot 21 stemmer vedtok Fylkestinget tysdag å inngå kontrakt K5 for bygging av vegar, bruer, sjøfyllingar og tunnelar, og dermed halde fram arbeidet med å bygge Nordøyvegen. Fylkestinget vedtok å gjennomføre bygging av Nordøyvegen innanfor ein kostnad på 5,1 mrd kroner, og  er det største utbyggingsprosjektet for Møre og Romsdal fylkeskommune nokon gong.

Nordøyvegen vil etablere fast vegsamband til Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta og Harøya/Finnøya. Nordøyvegen vil gi fastlandssamband til om lag 2700 personar, og innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy, to av dei kommunane som frå 1. januar 2020 inngår i nye Ålesund kommune, blir knytt nærare saman.

Møre og Romsdal fylkeskommune er byggherre. Statens vegvesen er byggherrens representant for prosjektet, og fyldig informasjon om prosjektet finn de på prosjektnettsida her: https://www.vegvesen.no/Fylkesveg/fv659nordoyvegen