Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein politisk styrt organisasjon, med direkte val til fylkestinget kvart 4. år. Inneverande valperiode starta i oktober 2011. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet, og er fylkets øvste politiske leiar.


Møte i dei fire hovudutvala måndag 13. november

er det møte i alle fire hovudutvala. Ei sak alle utvala skal behandle er Økonomiplan 2018-2021 med budsjett for 2018.

Les meir

Nytt ungdomspanel i Møre og Romsdal

På siste dag av ungdommens fylkesting blei det nye ungdomspanelet for 2017 valt. Den nye leiaren er Urtė Karanauskaitė (17 år) frå Sande, nestleiar er Ulv Karlsen Ottem (17 år) frå Sunndal.

Les meir

Halsa er årets ungdomskommune i Møre og Romsdal

Under dag ein av ungdommens fylkesting (UFT) vart Halsa kommune stemt fram som årets ungdomskommune av delegatane på tinget. Halsa kjempa mot Herøy og Molde om den gjeve tittelen.

Les meir

Få støtte til ditt prosjekt – søk om ungdomsmidlar

Kvart år deler Møre og Romsdal fylkeskommune ut midlar til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Ungdomspanelet sørger for denne tildelinga. Tilskotet blir gitt to gongar i året, med ei økonomisk ramme på 250 000 totalt. Ungdomspanelet har altså heile 125 000 kroner å dele ut i desember.

Les meir

Fylkesrådmannen foreslår investeringar for 6,5 milliardar dei neste fire åra

Med ein investeringsplan på nær 6,5 mrd. kroner dei neste fire åra, og eit driftsbudsjett for 2018 på 3,8 mrd. kroner, er det ein offensiv Økonomiplan 2018-2021 fylkesrådmannen legg fram til politisk behandling. 

Les meir

Møte i fylkesutvalet 30. oktober

Oppfølging av vedtak i fylkestinget vedr. Investeringsprogram for fylkesvegar 2018 – 2027 og Statusrapport og forslag til løyving i 2017 frå Høgskolefond er mellom sakene utvalet skal behandle. Møte startar med ei orientering frå «Brisk Kompetansesenter AS 2017 – attføringsbransjen i Møre og Romsdal mot 2020» v/dagleg leiar Frode Vestad, før det vert behandling av saker etter saklista.

Les meir

-Tusen takk Møre og Romsdal!

For første gong er Møre og Romsdal på innsamlingstoppen i TV-aksjonen. Med eit resultat på kr. 52.05 Per innbyggjar har vi slått resten av landet og har også eit solid forsprang til Sogn og Fjordane på andre plass. Dette skriv fylkesaksjonskomiteen i Møre og Romsdal i ei pressemelding. 

Les meir

Vestlandsrådet med innspel til Nasjonal transportplan

Handlingsprogram 2018–23 for Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029 er ute på høyring og er sak i Vestlandsrådet 25. oktober. Vegvedlikehald, Ferjefri E39 og tunnelar er viktige satsingsområde.

Les meir

Møte i dei fire hovudutvala

Neste veke er det møte dei fire hovudutvala. Sjå oversikta under for meir informasjon om kvart enkelt møte. 

Les meir

Fylkesting 16. – 17. oktober

Fylkestinget er no samla i Ålesund til eit to dagar langt møte. Tingsamlinga startar med utdeling av to prisar: trafikktryggingsprisen og likestillingsprisen. Økonomirapportering per 2. tertial, Eigarskapsmelding for 2016 og regional delplan for museum er mellom sakene fylkestinget skal behandle.

Les meir

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Gunn Berit Gjerde Gunn Berit Gjerde
Fylkesvaraordførar
71 28 04 51 /
Mob. 415 44 001
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post