Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein politisk styrt organisasjon, med direkte val til fylkestinget kvart 4. år. Inneverande valperiode starta i oktober 2011. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet, og er fylkets øvste politiske leiar.


Økonomiplan 2013-2016 med store utfordringar

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik la i dag fram Økonomiplan 2013-2016 med budsjett for 2013. Oversynet viser styrkt satsing innan samferdsel og at satsinga på skulebygg held fram. Samstundes aukar lånegjelda kraftig og dette låser det økonomiske handlingsrommet i mange år framover.

Les meir

Møte i kultur- og folkehelseutvalet, torsdag 1. november

Det er møte i kultur-og folkehelseutvalet torsdag 01. november kl. 14.00. Møtet vert halde på Gamle Tinghuset i Kristiansund.

Les meir

Kunnskapspåfyll om EU og EØS

Regional- og næringsutvalet er i Brussel 23. og 24. oktober for å heve kompetansen om EU og EØS. – Bevisstgjerande og nyttig, seier leiar for utvalet, Randi Asbjørnsen.

Les meir

Møte i utdanningsutvalet 25. oktober

Det er møte i utdanningsutvalet torsdag 25. oktober på møterom 101,  Fylkeshuset i Molde.

Les meir

Fylkeskommunalt ja til ny Ulsteinhall

Fylkesutvalet gjekk i dag samrøystes inn for å leige areal i prosjektet Ny Ulsteinhall. Dermed står berre fylkestinget att før fylkeskommunen kan seie endeleg ja til prosjektet.

Les meir

Ungdomar frå fylket lærte om EU i Brüssel

Med støtte frå EU-programmet aktiv ungdom var fem ungdomar frå Møre og Romsdal på studietur til Brüssel sist veke. Saman med ungdomar frå Hordaland og Sogn og fjordane fekk dei eit innblikk i korleis EU påverkar dei, og korleis dei kan påverke EU.

Les meir

Økonomisk støtte til frivillige lag, organisasjonar og foreiningar

Fylkesutvalet vedtok i sitt møte 30. januar 2012 endringar i retningslinjene for tildeling av økonomisk støtte. 

Les meir

Fylkesting i Geiranger

Fylkestinget i Møre og Romsdal er no samla på Hotel Union i Geiranger. Les her for meir for informasjon om kva som skjer under samlinga.

Les meir

Fylkesordføraren sin tale

Her er fylkesordføraren sin tale til fylkestinget 11. juni 2012.

Les meir

Møte i regional- og næringsutvalet - tysdag 05. juni

Søknad om tilskot til reisemålsutvikling, tildeling av fylkeskommunale midlar til kunnskapsparkane og tildeling Regionale Energisamarbeid 2012 er mellom sakene Regional- og næringsutvalet skal handsame tysdag.

Les meir

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Gunn Berit Gjerde Gunn Berit Gjerde
Fylkesvaraordførar
71 28 04 51 /
Mob. 415 44 001
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post