Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein politisk styrt organisasjon, med direkte val til fylkestinget kvart 4. år. Inneverande valperiode starta i oktober 2011. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet, og er fylkets øvste politiske leiar.


Fotballfylket Møre og Romsdal!

-    Eg stiller meg i rekka av gratulantar til Molde Fotballklubb. Det er heilt fantastisk at klubben vinn seriegullet det året dei har 100-årsjubileum. Klubben har hatt sportsleg framgang over lang tid, og det var flott at ein endeleg kunne krone innsatsen med topplassering i serien, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Les meir

- Svært skuffa over nedlegging

- Eg er svært skuffa over at TINE har vedteke å legge ned meieriet på Høgset, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Les meir

- Eit spørsmål om moral og ansvar

Fylkesordførar Jon Aasen har skrive brev til landbruksministeren om TINE sin moglege sentralisering av meieristrukturen i Møre og Romsdal.

Les meir

Styrk politiet i Møre og Romsdal!

Fylkestinget har vedteke denne uttala om politisituasjonen i fylket:

Les meir

Fylkesting i Geiranger

Fylkestinget er samla i Geiranger 10.-12. oktober. Sjå sakene med vedtak her.

Les meir

Svein Røsberg fekk trafikktryggingsprisen

10. oktober vart trafikktryggingsprisen overrekt Molde fotballklubb ved Svein Røsberg. Han får prisen for stort engasjement knytt til trafikktrygging i idrett.

Les meir

Valg av fylkesutvalg, fylkesordfører, varaordfører, faste utvalg m.m.

Fylkeskommunen skal i haust velje ei rekkje organ. Fylkesutval, fylkesordførar og varaordførar, faste utval m.v skal veljast i fylkestinget sitt konstituerande møte innan utgangen av oktober månad.

Les meir

Transportprogram for Vestlandet 2012 - 2015 - høyring

Vestlandsrådet vedtok tysdag 14.juni 2011 å sende Transportplan for Vestlandet – Handlingsprogram 2012 – 2015 ut på høyring.

Les meir

Kondolanseprotokoll på fylkeshuset

Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal opprettar felles kondolanseprotokoll på Fylkeshuset for å minnast ofra og dei pårørande etter terroråtaket i Oslo og på Utøya.

Les meir

-Eit åtak på demokratiet vårt

Det er med stor sorg og medkjensle vi mottar meldingane om det grusomme som har skjedd på Utøya og i Oslo. Terrorbombinga i Oslo og massakren på Utøya er eit frykteleg åtak mot Norge, der også Møre og Romsdal er direkte råka.

Les meir

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Gunn Berit Gjerde Gunn Berit Gjerde
Fylkesvaraordførar
71 28 04 51 /
Mob. 415 44 001
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 62 /
Mob. 901 08 512
Send e-post