Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein politisk styrt organisasjon, med direkte val til fylkestinget kvart 4. år. Inneverande valperiode starta i oktober 2011. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet, og er fylkets øvste politiske leiar.


Fekk ikkje inn forslag til likestillingsprisen 2016

Møre og Romsdal fylkeskommune ved kultur- og folkehelseutvalet, deler normalt ut likestillingsprisen kvart år. Sist veke gjorde kultur- og folkehelseutvalet vedtak om at prisen ikkje blir delt ut i 2016.

Les meir

Møte i fylkesutvalet 31. oktober

Møte i fylkesutvalet har starta opp, og starta med ei orientering frå ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh om Ulstein fjernvarme. Etter orienteringa vert det behandling av saker, der mellom anna innspel både til havstrategi, og til den statlege politikken for idrettsanleggsutvikling, samt fire høyringssvar står på sakskartet.  

Les meir

Møte i samferdselsutvalet 26. oktober

Søknad om ruteløyve for drift av flybuss mellom hotella og flyplassane i Kristiansund og Molde og ståplassar skuleskyss skuleåret 2016/17, er nokre av sakene som utvalet skal behandle. ​

Les meir

Kritisk til kutt i regionale utviklingsmidlar

Fylkestinget reagerer kraftig på at tildelinga av regionale utviklingsmidlar Møre og Romsdal kan bli redusert med 18,5 millionar for 2017. – Dette vil svekke nødvendig omstilling og nyskaping i Møre og Romsdal, skriv fylkesordføraren i brev til Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Les meir

Møte i regional- og næringsutvalet

Måndag 24. og 25. oktober er det møte i regional- og næringsutvalet. Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond og bruk av næringsretta midlar til regional utvikling er blant sakene utvalet skal behandle. Utvalet vil også få ei statusrapportering for reiselivsnæringa og ei orientering om tiltak i kommunane som er råka av oljenedturen.

Les meir

Fylkesting 17. og 18. oktober

Det to dagar lange møte i fylkestinget har no starta opp. Møte starta med uttdeling av fylkestrafikktryggingsprisen, som i år gjekk til Aksjonsgruppa ved Hessa skole. Økonomirapportering per 2. tertial 2016, Tilskot til bygging av hall over kunstisbanen i Kristiansund og Nordøyvegen - prinsippielle spørsmål er mellom sakene tinget skal behandle.   

Les meir

Møte i fylkesutvalet 17. oktober

Søknad frå Tingvoll Økopark Eiendom AS - om fylkeskommunal sjølvskyldnargaranti, Orientering: Kunnskapsgrunnlag til regionreforma og Nordøyvegen - Prinsipielle spørsmål er melllom sakene utvalet skal behandle.

Les meir

Aksjonsgruppe ved Hessa skole får Trafikktryggingsprisen 2016

Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) i Møre og Romsdal vedtok i dag å dele ut Trafikktryggingsprisen 2016 til «Aksjonsgruppa for Hessa skole» i Ålesund kommune.  

Les meir

Bør halde fram som eige fylke

I samband med regionreforma har Nordlandsforsking  AS gjort ei ekstern og uavhengig utredning av dei maktpolitiske konsekvensane for Møre og Romsdal i ein ny og større region, og anbefalinga er klar: Møre og Romsdal bør halde fram som eige fylke.

Les meir

Fylkesting 17.-18.oktober

Økonomirapportering per 2. tertial, tilskot til bygging av ishall i Kristiansund og Nordøyvegen - prinsippielle spørsmål er nokre av sakene som fylkestinget skal behandle. Tingsamlinga går over to dagar og startar med utdeling av Trafikktryggingsprisen.

Les meir

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Gunn Berit Gjerde Gunn Berit Gjerde
Fylkesvaraordførar
71 28 04 51 /
Mob. 415 44 001
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 62 /
Mob. 901 08 512
Send e-post