Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Ungdomspanelet vil skape engasjement før haustens fylkestingsval

Ungdomspanelet vil skape engasjement før haustens fylkestingsval

-Vidaregåande oppIæring, eit godt kollektiv- og tannhelsetilbod er viktige tenester til oss som er unge i Møre og Romsdal. Fylkestinget er dei som prioriterer og bestemmer innan for desse områda. Vi meiner derfor det er viktig at ungdom engasjere seg før haustens fylkestingsval, seier nestleiar i ungdomspanelet, Ole August Iversen.   

Leiar Urtė Karanauskaitė og nestleiar Ole August Iversen i ungdomspanelet vil skape engasjement før haustens fylkestingsval.

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal er fylkestinget sitt ungdomsråd. Dei er partipolitisk nøytrale, og er eit rådgivande organ som skal passe på at ungdom blir lytta til. For å skape merksemd om både det føreståande fylkestingsvalet og ungdomspanelet si rolle, vil det i sommar henge plakatar på bussane i fylket. - Vi treng å informere ungdom om at vi representerer ei stemme inn i beslutningar som gjeld viktige tenestetilbod til unge i fylket, fortel Iversen.  

Vil vite kva ungdom meiner

- For oss i ungdomspanelet er det viktig å vite kva ungdommar i fylket ønsker! Når ferien er over og før kommune- og fylkestingsvalet, er det skoleval på dei vidaregåande skolane. Då vil vi i ungdomspanelet gjennomføre ei spørreundersøking blante elevane, for å finne ut kva ungdom i fylket er opptatt av. Denne undersøkinga vil gi oss eit godt grunnlag for å gi fylkestinget gode råd i saker som er viktig for ungdom, seier leiar i ungdomspanelet, Urtė Karanauskaitė.