Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Politiske organ

Fylkestinget

Fylkestinget er det øvste, folkevalte organet i fylkeskommunen og består av 47 medlemer og har normalt fire samlingar pr år. Det er fylkestinget som set rammene for den fylkeskommunale verksemda. Dette skjer gjennom vedtak om fylkesplan, økonomiplan, årsbudsjett og andre prinsipielle saker for fylkeskommunen. 

Fylkesutval:

Fylkesutvalet er fylkestinget sitt arbeidsutval. Medlemmane blir valt blant fylkestinget sine medlemmar. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har 13 representantar og blir leia av fylkesordføraren.

Hovudutval:

Møre og Romsdal fylkeskommune har fire hovudutval: utdanning, samferdsel, kultur- og folkehelse og regional- og næringsutvalet. I tillegg finns ei rekke rådgivande utval: Ungdomspanelet/Ungdommens fylkesting, rådet for likestilling av funksjonshemma, eldrerådet, fylkestrafikktryggingsutvalet, yrkesopplæringsnemnda og plannemnda for byggeprosjekt.

Fylkeskommunen har også representantar i ei rekke eksterne styre og råd, t.d. styre og bedriftsforsamling Nordvestlandske AS, styre i Fjord1 Buss Møre AS, landstinget i KS og Vestlandsrådet. Fylkeskommunale representantar er også med ulike statlege utval, bankorgan, kraftlag, verna verksemder, kulturinstitusjonar, samferdselsselskap, høgskolar/forskingsinstitusjonar m.m.

Kontaktpersonar

Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post
Willy Jarle Loftheim Willy Jarle Loftheim
Ass. fylkesrådmann
71 28 01 61 /
Mob. 913 92 901
Send e-post
Robert Løvik Robert Løvik
seksjonsleiar
71 28 01 59 /
Mob. 993 33 483
Send e-post

Dokument