Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Trafikktryggingsprisen

Har du ein god kandidat til trafikktryggingsprisen? Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker med dette å invitere interesserte til å kome med forslag til prisvinnar innan 15. august. Prisen skal vere ein inspirasjon til alle som driv trafikktryggingsarbeid på frivillig basis.

Prisen blir delt ut til organisasjonar, lag eller enkeltpersonar som har gjort eit særleg godt arbeid for trafikktrygginga.

Prisutdelinga blir overrekt på fylkestinget, og består av eit kunstverk og 15 000 kroner.

Forslaget må innehalde ei kort skildring av kandidaten/kandidatane, og ei grunngjeving for nominasjonen.

Forslag til trafikktryggingsprisen