Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fylkesprisen Årets Bedrift

Kven meiner du fortener Fylkesprisen Årets Bedrift? Her kan du sende inn forslag til kandidat.

Kandidatane kan komme frå alle bransjar innan industri, handverk og service.

Skriv kort om bedrifta og kvifor du meiner bedrifta fortener prisen.

Kriteria for "Fylkesprisen for Årets Bedrift"

Ved tildeling av prisen vil vi legge vekt på følgande:

  • Bedriftsøkonomisk vurdering
  • Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region og internasjonalisering)
  • Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenleg produkt og miljøvenleg produksjon)
  • Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, hms-profil)

Send inn ditt forslag innan fredag 3. februar 2017

Forslag til Fylkesprisen Årets Bedrift 2016

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Anne Marte Ostad
Rådgivar
71 28 03 58
Send e-post

Om Fylkesprisen Årets Bedrift

Prisen vart oppretta av Møre og Romsdal fylkeskommune i 1991. Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Formålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet. Prisen vert delt ut på Fylkestinget i april.

Tidlegare vinnarar

2015: Slettvoll Møbler AS, Stranda kommune

2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune

2013: Rindalslist AS, Rindal kommune

2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune

2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune

2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune

2009: Saferoad AS, Ørsta kommune

2008: Odim AS, Hareid kommune

2007: Brunvoll AS, Molde kommune

2006: Haugen Bok AS, Volda kommune

2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune

2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune

2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune

2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune

2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune