Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Miljøprisen

Har du ein god kandidat til Miljøprisen? Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker med dette å invitere interesserte til å kome med forslag til prisvinnar innan 17. oktober 2018. 

Miljøprisen skal tildelast for særleg verdfullt arbeid innanfor områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for miljøarbeidet i fylket.

Det synlege beviset på prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Miljøprisen vert delt ut under fylkestinget i desember.

Forslag må innehalde ei kort skildring av kandidaten/kandidatane, og ei grunngjeving for nominasjonen. Legg gjerne ved bilete av kandidaten.

Fristen for å sende forslag er gått ut. 

Kontaktpersonar

Bengt Endreseth Bengt Endreseth
Leiar Energiregion Møre
71 28 03 43 /
Mob. 958 78 883
Send e-post

Kven har vunne før?

2009: Runde miljøsenter

2010: Olav Bye

2011: Norsøk

2012: Alv Ottar Folkestad

2013: Standal knuseverk AS

2014: Naturvernforbundet

2015: Stranda Prolog AS 

2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS

2017: Plastfritt Giske

2018: Sødahlhuset AS