Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Val av ungdomspanel

Under Ungdommens fylkesting skal det veljast nytt Ungdomspanel (UP). UP er arbeidsutvalet til UFT og dei har om lag 9 møter i året. Eit år i UP er svært spennande, gjev unike moglegheiter til å bli kjent med andre ungdommar, det politiske systemet i fylket samt dra på ulike kurs og seminar. Dei som har spørsmål til vervet i UP eller kan tenkje seg å stille til val kan ta kontakt med koordinator.

Verdt å merke seg:

  • Du må være valt representant og tilstade på ungdommens fylkesting for å stille til val
  • Alle dei tre regionane bør vere representert. Det bør vere ei balansert samansetjing frå by og land, og kjønnsbalansen skal vere i høve til likestillingslova.
  • Ungdomspanelet skal vere partipolitisk nøytralt.
  • Ungdomspanelet skal bestå av ungdom mellom 15 og 23 år som har tilknyting til fylket i den aktuelle valperioden.  
  • På ungdommens fylkesting blir det kvart år valt leiar og nestleiar for ungdomspanelet.