Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Stortingsval 2017 > Visste du at du kan stemme frå 1. juli?

Visste du at du kan stemme frå 1. juli?

Dersom du ikkje har høve til å stemme valdagen, eller i den ordinære perioden for førehandsstemmegjeving, kan du frå 1. juli t.o.m. 9. august vende deg til kommunen og avtale tid for å stemme.

Før valdagen kan du førehandsstemme i kva kommune som helst i landet. På valdagen må du stemme i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30. juni. Du kan berre stemme éin gong. Du treng ikkje valkort, men hugs å ta med legitimasjon!

For meir informasjon om valet, sjå www.valg.no eller ta kontakt med kommunen.