Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kultur

Inspirasjonssamling for leseombod

Tysdag 18. september var 38 leseombod og -kontaktar samla på Vestnes fjordhotell til ein dag med påfyll og inspirasjon.

Les meir

Åtvarar mot ulovleg bruk av metalldetektor

- Det kan sjå ut som at stadig fleire brukar metalldetektorar til skattejakt i naturen, og dei siste to åra har vi opplevd at det har blitt grove i område med freda kulturminne. Det er viktig at folk kjenner til at dette er ulovleg og straffbart, seier Arve Nytun, arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir

Kjenner du nokon du vil heidre og fremme som kandidat til Fylkeskulturprisen for 2018?

Prisen kan gå til ein person eller gruppe som har gjort ein stor innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal.

Les meir

Natalie Sandtorv og Møremusikarane presenterer LARM og lyden av Møre og Romsdal

Med ein miks av electronica, progrock, jazz og folkemusikk, byr LARM på musikalsk nyskaping i Molde, Ålesund og Volda.

Les meir

Hugs å søke tilskot for verna fartøy innan 15. oktober

Møre og Romsdal fylkeskommune og Riksantikvaren gir i år ut tilskot til vedlikehald av listeførte fartøy i fylket, gjennom ordninga Samarbeidsrådet for Vest og Sørlandet (SAVOS). Søknadfristen for i år er 15. oktober.

Les meir

Barn i Møre og Romsdal er glade i å lese

For tredje år på rad har biblioteka i Møre og Romsdal tilbydd den digitale lesekampanjen Sommarles. I fjor hadde Møre og Romsdal ei oppslutning på 19,1% med 4081 registrerte brukarar, og i år har oppslutninga auka til 28,8%.

Les meir

Sterk snøsmelting avdekker arkeologiske funn i fjellet

Vi førebur eit stort kartleggingsprosjekt i regi av fylkeskommunen i haust, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Les meir

Ein million til makerspace i bibliotek

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut midlar for å styrke folkebiblioteka i Møre og Romsdal sin posisjon som møteplass og aktiv formidlar av kunnskap og kultur. Dette skal skje gjennom ei pilotsatsing på makerspace i biblioteka. I første omgang betyr det at eitt til tre bibliotek vil få støtte til å utvikle nye, spanande tilbod til innbyggarane.

Les meir

522 000 kroner i prosjekttilskot til frivillig verksemd

Kulturavdelinga har tildelt 522 000 kroner i prosjekttilskot for første halvår 2018. Nokre av prosjekta som har fått støtte er kultursti – Åsen i Surnadal, rabalderfestivalen 2018 og kunstprosjektet NåDa.

Les meir

Nærmiljøprosjektet - avslutningskonferanse

Møre og Romsdal fylkeskommune er med i det nasjonale prosjektet om Nærmiljø- og lokalsamfunn som fremmar folkehelse. 

Les meir

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post

Om kulturavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit omfattande engasjement innan kulturområdet og har koordinerande ansvar på folkehelseområdet. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med kommunane, organisasjonar og institusjonar. Kultur- og folkehelseutvalet har det politiske sektoransvaret medan fylkeskultursjefen har det faglege og administrative ansvaret. Møre og Romsdal fylkeskommune sine arbeidsområde innan kultur omfattar planarbeid, rådgjeving, forvalting av lovverk om kulturminne, kulturtilskot, spelemidlane, statlege tilskotsordningar, initiering og gjennomføring av ungdomskulturtiltak, forvaltning av folkehelselova, drift av folkehelsepartnarskapet God Helse, Møremusikarordninga, fylkesbiblioteket, kulturformidlingstiltak, drift av Kultursekken og utvikling av fagområda fysisk aktivitet og friluftsliv.