Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kultur

Vestnorsk fjordlandskap i New York Times

I samarbeid med UNESCO har verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap fått oppslag i serien Tides of Time i globalutgaven av New York Times. Artikkelen omhandlar deira satsing på Grøn Fjord 2020, der målet er å kunne oppretthalde ein berekraftig balanse mellom turisme og natur- og kulturmiljø. Det er også lansert ein film i denne samanhengen.

Les meir

Bokbåten på vintertur

Etter snart 50 år med bøker og kulturprogram langs kysten vår er Bokbåten Epos stadig like populær, og no er det klart for nytt vintertokt.  Lasta med bøker, lydbøker og kulturprogram skal båten leggje til kai nesten 70 stadar i Møre og Romsdal frå 25. januar til 17. februar.

Les meir

Lyser ut 1.5 millionar til skilting og merking av turløyper

Det er tid for ny søknadsrunde på midlar til merking, skilting og gradering av turløyper på Vestlandet. I Møre og Romsdal vil det i 2012 bli delt ut 1,5 millionar kroner til føremålet.

Les meir

Nils Tore Leivdal fekk fylkeskulturprisen

Nils Tore Leivdal har arbeidd med å styrke kulturlivet i Møre og Romsdal nesten heile livet. Måndag fekk han fylkeskulturprisen under fylkestingssamlinga i Geiranger.

Les meir

Møre og Romsdal er ferdig med fredningsgjennomgangen

Møre og Romsdal fylkeskommune har gått gjennom alle sine fredingar frå perioden 1923-1979. Les meir i meldinga frå Riksantikvaren, eller les faktaarket frå Fredningsgjennomgangen i fylket.

Les meir

Vil gjere ordninga nasjonal

Kulturminister Anniken Huitfeldt er svært imponert over ordninga med opplevelseskortet. Ho vil gjere ordninga nasjonal.

Les meir

Fylkeskulturprisen 2011 til Nils Tore Leivdal

Kultur- og folkehelseutvalet har tildelt fylkeskulturprisen 2011 til Nils Tore Leivdal, Gjemnes.

Les meir

Huitfeldt til Ålesund

Opplevelseskortet, som mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune står bak, har fått nasjonal merksemd. Onsdag kjem kulturminister Anniken Huitfeldt for å lære meir om ordninga.

Les meir

Møremusikarane og Brazz Brothers på felles jubileumsturné!

I 2011 fyller Møremusikarane 20 år og The Brazz Brothers 30 år! Det blir feira med konsertar i Ørsta, Molde, Sunndal, Surnadal og Ålesund. Tittel: Exquisito La Fiesta Latino. Billettar er no lagt ut for salg.

Les meir

Fire tildelt kunstnarstipend for 2011

Fire kunstnarar i fylket er tildelt kunstnarstipend for 2011, det vedtok det nye kultur- og folkehelseuvalet i går. Det er fjerde året Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut midlar til kunstnarstipend, og ramma for tildeling no i 2011 var 300 000 kroner.

Les meir

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post

Om kulturavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit omfattande engasjement innan kulturområdet og har koordinerande ansvar på folkehelseområdet. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med kommunane, organisasjonar og institusjonar. Kultur- og folkehelseutvalet har det politiske sektoransvaret medan fylkeskultursjefen har det faglege og administrative ansvaret. Møre og Romsdal fylkeskommune sine arbeidsområde innan kultur omfattar planarbeid, rådgjeving, forvalting av lovverk om kulturminne, kulturtilskot, spelemidlane, statlege tilskotsordningar, initiering og gjennomføring av ungdomskulturtiltak, forvaltning av folkehelselova, drift av folkehelsepartnarskapet God Helse, Møremusikarordninga, fylkesbiblioteket, kulturformidlingstiltak, drift av Kultursekken og utvikling av fagområda fysisk aktivitet og friluftsliv.