Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Den kulturelle spaserstokken

PolkaBjørn og Kleine Heine (Bjørn Tomren og Heine Bugge)

Den kulturelle spaserstokken

I 2014 fekk Møre og Romsdal fylkeskommune ansvaret for Den kulturelle spaserstokken (DKSS). 

Den kulturelle spaserstokken blir finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet og fylkeskommunane i landet mottek øyremerka midlar til drift av ordninga.

Målet for Den kulturelle spaserstokken er å legge til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren. Dette samarbeidet skal gi gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt. Den kulturelle spaserstokken kan formidle alle kunstsjangrar. Midlane skal hovudsakleg nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, etter modell frå Den kulturelle skolesekken. Samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt, regionalt eller nasjonalt er ein føresetnad for tildeling av midlar.

Kommunen er ansvarleg for at representantar for publikumsgruppa (personar som er 70 år og eldre) deltek i planarbeidet. Dette skal sikre at kulturtilboda blir oppfatta som relevante. Slike representantar kan til dømes vere representantar for pensjonistlag, eldreråd eller andre organisasjonar.

Det er kommunane i Møre og Romsdal som har høve til å søke om midlar til DKSS. 

Fristen for å søke om midlar til Den kulturelle spaserstokken for 2016/2017 er 15. september 2016.

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Det finn du under her:

Søknadsskjema - Den kulturelle spaserstokken 2016
  1. Postadresse, postnummer og poststad.
  2. Samla budsjett for alle tiltaka i søknaden.
Tiltak 1
  1. Kulturuttrykk, utøvarar, arrangør, publikumsgruppe, venta tal på deltakarar og tal på framsyningar. Behov for meir tekstplass? Last opp under
  2. Institusjon, kulturhus e.l.
  3. Tildelinga til kommunane vil vere på om lag same nivå som i 2014.
  4. Her kan ein laste opp ev. prosjektskildringar, samarbeidsavtalar eller anna relevant dokumentasjon.
Tiltak 2

Tiltak 3

Kontaktpersonar

Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post