Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: Andreas Winter

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet skaper helse og trivsel. Dei nasjonale anbefalingane er minimum 30 min for vaksne og 60 min for barn kvar dag. For å få tips til fysisk aktivitet, klikk på bilda ovanfor.

90 % av innbyggarane i Møre og Romsdal trives med å vere fysisk aktive, og i den gruppa som er lite aktive,  ynskjer dei fleste å auke sitt aktivitetsnivå og kome i betre form. Derfor er det eit stort potensiale for å auke den fysisk aktiviteten i vårt fylke.

Kulturavdelinga si hovedoppgåve innan fysisk aktivitet, er å leggje til rette for, og å stimulere til at folk i Møre og Romsdal skal vere fysisk aktive. Ofte kan relativt små og lite ressurskrevjande tiltak gje stor utteljing. Friluftsliv er den aktiviteten som er høgast prioritert hos innbyggarane, derfor har tilrettelegging for friluftsliv høg prioritet også hos oss. I kulturavdelinga er det er tilsett to rådgjevarar for fysisk aktivitet , samt ein ressursperson for lågterskel fysisk aktivitet i samarbeid med Møre og Romsdal idrettskrets.

Våre rådgjevarar kan hjelpe til på desse områda:

  • Søknad om spelemidlar til idrettsanlegg og friluftsliv (hyperlink)
  • Kurs og fordrag om fysisk aktivitet
  • Rådgjeving om uteområder for skular, barnehagar, idretts og friluftslivsanlegg
  • Rådgjeving om oppstart og drift av Aktiv på dagtid og andre lågterskeltilbod
  • Tilskotsordningar for fysisk aktivitet og friluftsliv

Kontaktpersonar

Therese Thue Hvattum Therese Thue Hvattum
Rådgivar folkehelse, idrett og fysisk aktivitet
71 28 04 22 /
Mob. 997 89 781
Send e-post