Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Livsstilsgruppa God Helse

Frå 2013 er det etablert ei arbeidsgruppe, «Livsstilsgruppa God Helse», som skal arbeide med tiltak som kan påverke vår livsstil for å leggje grunnlag for ei god helse for alle.

Dette gjeld både i kva grad vi er fysisk aktiv, den maten vi spis, motivasjon for å slutte å bruke tobakk, eller ikkje å begynne med bruk av tobakk og vere merksam på bruk av alkohol eller andre rusmidlar. Gruppa er eit drøftingsfora for å utvikle tiltak og formidle faglege retningsliner.

Vi arbeider for å fremje folkehelsa og endre levevanar i befolkninga i positiv retning. Målet er fleire leveår med god helse i befolkninga og mindre helseforskjellar mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn.

Gruppa har slik visjon: God helse gjennom sunn livsstil for alle.

Gruppa har slik samansetting:

  • Møre og Romsdal Idrettskrets: Ellen Cathrine Hammer, rådgivar, leiar for gruppa
  • Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Anne Mette Nerbøberg, rådgivar
  • Møre og Romsdal fylkeskommune: Therese Thue Hvattum, rådgivar, Inger Holmeset, rådgivar tannhelse.

Seksjon fysisk aktivitet og folkehelse ved kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune er sekretariat for gruppa.

Kontaktpersonar: