Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Rusmiddelførebygging

"Ingen skal ta skade av eigen eller andre sine rusmiddelvanar".  Det er målet for det rusmiddelførebyggande arbeidet i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Rusmiddelførebygging er ein viktig del av fylkeskommunen sitt folkehelsearbeid, og fylkestinget har oppnemnt ei tverrfagleg faggruppe for å leie arbeidet.

Gruppa er sett saman av representantar frå fylkeskommunen, Fylkesmannen, frivillige organisasjonar, Kommunenes Sentralforbund (KS) og Kompetansesenter rus – Midt-Norge (KoRus).

Gruppa har også fast representasjon frå politi og skjenkebransje.

Gruppa gir innspel til fylkesplanen for Møre og Romsdal 2017 - 2020, regional delplan folkehelse, og organisasjonane som medlemene i gruppa representerar.

Satsingsområda for 2016 - 2017 er:

1. Følge opp tiltaka som er relevante for rusmiddelførebygging i regional delplan folkehelse 2017-2020.

2. Ansvarleg alkoholhandtering (AAH).

  • Politi og skjenkebransje skal delta på annakvart møte. Det er ei målsetting å bidra til ansvarleg alkoholhandtering i kommunane.
  • Gruppa kan sette agenda politisk ved å løfte fram utfordringar frå dette feltet.
  • Ta initiativ til dialog om ruspolitikk på høgskolane i fylket. Invitere representantar frå høgskolene inn til eit møte i gruppa i løpet av våren 2017.

3. Arbeid i vidaregåande skole

  • Arbeide for at rusmiddelførebyggande plan blir implementert ved alle skoler.
  • Arbeide med ”Delta modellen”, eit opplegg frå KoRus for kompetanseheving og tiltak som gjennomførast lokalt.
  • Legge arbeidet med rusmiddelførebygging inn i utdanningsavdelinga sin kvalitetsplan.
  • Arrangere evalueringskonferanse i 2018, der elevar og skoleleiing samarbeider om å presentere erfaringar.

4. Arbeide med resultata frå statistikk over rusutfordringane i fylket.

For perioden 2016 - 2019 er arbeidsgruppa sett saman slik:

  • Line Hatmosø Hoem, fylkespolitikar, leiar
  • Monica Molvær, fylkespolitikar
  • Sidsel Pauline Rykhus, Kommunenes Sentralforbund (KS)
  • Rita Valkvæ, Kompetansesenter rus Midt-Norge (KoRus)
  • Eivind Hasle, frivillige organisasjonar, ACTIS
  • Anne Mette Nerbøberg, Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • Ingeborg Forseth, Koordinator for ungdomspanelet i Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Berit Brudeset, fylkeskommunen, utdanningsavdelinga
  • Therese Thue Hvattum, fylkeskommunen, kulturavdelinga