Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Friluftsliv

Kulturavdelinga si hovudoppgåve innan friluftsliv er å stimulere til, og vere ein pådrivar for at innbyggjarane kan drive miljøvennleg friluftsaktivitet.

Kommunar, interkommunale friluftsråd og friluftsorganisasjonar er viktige samarbeidsparter for å fremme eit aktivt og godt friluftsliv i fylket. Kulturavdelinga gir innspel på kommunal og lokal planlegging som angår friluftslivet, og kan bistå med rådgjeving og tilskott til aktivitet og anlegg.

Friluftsliv i Møre og Romsdal

 

Morotur.no      

I samarbeid med kommunane og frivillige turentusiastar har fylkeskommunen etablert nettsida morotur.no. Nettsida presenterar eit variert utval av turar innan kategoriane skitur, sykkel, paddling og fottur. Ein kan besøke nettsida på internett eller laste ned mobilapp på Appstore eller Google play. Morotur er også leverandør av turskildringar til turkassetrimmen StikkUT!

Tilskot til friluftsliv

Turskiltprosjektet

Fylkeskommunen samarbeider med Gjensidigestiftinga om å tildele midlar til skilting og merking av turstiar. Ordninga blir lyst ut kvart år. For informasjon, kontakt rådgivar for friluftsliv Petter Jenset på Petter.jenset@mrfylke.no , tlf 71258901, mob 92234244.

For meir informasjon om korleis du søkjer og rapporterer på desse midlane, trykk HER.

Statlege tilskot

Kulturavdelinga forvaltar også to ordningar på oppdrag frå  Miljøverndepartementet. 

Desse er:

  • Tilskot til friluftslivstiltak. For meir informasjon, trykk HER.
  • Tilskot til tiltak i statleg sikra friluftslivsområde. For meir informasjon, trykk HER.

Spelemidlar kan også nyttast til anlegg for friluftsliv. For informasjon om spelemidlar, sjå HER

Tilskot til enkle friluftslivstiltak

Kulturavdelinga har også ei tilskotsordning for enkle tilretteleggingstiltak for friluftsliv. Dette kan til dømes vere stiar som treng eit lass med grus, eller våte parti som treng klopping. Ordninga legg til rette for at ein enkelt skal kunne søke om tilskot til innkjøp av materialer. Du finn søknadsskjema og meir om denne ordninga HER

Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder

Fylkeskommunen starta hausten 2013 eit arbeid samen med kommunane om å kartlegge og verdsette friluftslivsområder. Målet er at alle kommunar i fylket skal ha kartlagt sine friluftslivsområde i 2018.

I Nasjonal handlingsplan for statlig sikring og tilrettelegging av friluftslivsområder heter det:

-Det skal stimuleres til kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder.

-Fra 2018 vurderes innført krav om at kartlegging og verdsetting skal ligge til grunn for utvelgelse av friluftslivsarealer som omsøkes sikret med statlig medvirkning

Helseløyper

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å stimulere kommunar og frivillige organisasjonar til å leggje til rette for meir fysisk aktivitet gjennom friluftsliv. Som eit ledd i dette vert friluftslivsanlegg prioritert høgt i behandlinga av spelemidlar.

Ein av anleggstypane som treff blink når det gjeld tilrettelegging for folk flest er helseløyper. Dette er turløyper i grøntareal som ligg i nærleiken av bustadsområder. Hovedtraseen skal ha eit fast og jamt underlag der stigningane ikkje er brattare en 1:12 (helst 1:20). Lys og ledeliner, samt god skilting vil gjere at brukarane vil føle seg trygge. Erfaring viser at god tilrettelegging for flest mogleg, gir auka bruk både for funksjonsfriske og folk med funksjonsnedsettingar. Av dei omsøkte friluftslivsanlegga innanfor spelemiddelordninga, vil derfor Helseløypene bli prioritert.

I tillegg til at friluftslivsanlegg, og spesielt helseløyper vert prioritert i sjølve fordelinga, legg også føresegnene til rette for at 50% av kostnadane med slike anlegg kan finansierast av spelemidlar. Dugnad, kommunale midlar, gåver frå næringslivet o.l. kan nyttast for å fullfinansiere prosjektet.

Du finn krava til kva som må, og bør vere med i ei helseløype lista opp under. Ein må ikkje fylle alle krava til ei helseløype første gong ein søkjer midlar til eit slikt anlegg. Men om ein viser til ein plan og ei retning for korleis ein har tenkt å utvikle anlegget i tråd med krava, vil det vere ei styrke for søknaden.

Ei helseløype MÅ:

  • ha gode høve for parkering og minimum ein HC-plass
  • skilting i tråd med nasjonal mal
  • minimumsbredde på 150 m med godt underlag for barnevogn/rullestol
  • liten stigningsgrad max (1:12)
  • nummererte benkar (bør ikkje vere meir enn 100 m mellom kvar benk)
  • vere i estetisk gode omgivnader
  • ledelinjer i form av kontrast mellom veg og omgivnader
  • tilgjengelig toalett (hc)
  • vere registrert på morotur.no
  • ha lys
  • være brøyta og strødd om vinteren

Ei helseløype BØR:

  • vere rundløype (0,5-2 km)
  • ha kollektivforbindelse
  • vere i nærleiken av bustadområder
  • stigning mindre enn 1:20
  • ha fleire turalternativ på ulike nivå
  • ha element som gjer turopplevingane rikere

I dokumentet i høgremargen finn du ein presentasjon av korleis ein steg for steg kan tenkje seg utviklinga av ei slik løype. Med ei god plan, og eit målretta arbeid, kan ein på denne måten bygge opp eit anleggssenter for friluftslivsaktivitetar.

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

Dokument

Helseløyper - tenkt utvikling
PDF-dokument - 694,42 kB