Mandag 20. august 10:00 - Søndag 20. august 14:30
23 offentlege ting - oppsamlingskurs
20. august blir det workshop i 23 offentlege ting på Vestnes, i regi av Møre og Romsdal fylkesbibliotek. Dette er samling nummer tre i fylket, og er eit tilbod til deg som ikkje har fullført etter introkurset, eller vil komme i gang på eigen hand.
Vi går gjennom fleire av bolkane i kurset i samla flokk, slik at det er mindre å arbeide med når de kjem tilbake til biblioteka. Dette blir siste sjanse til å ta kurset saman med andre. Det blir ingen eksterne foredragshaldarar på Vestnes, men desto meir tid til å diskutere i fellesskap.
23 offentlege ting er eit nettbasert kurs for deg som arbeider i bibliotek, og som ønskjer å bli betre i stand til å rettleie brukarane i digitale offentlege tenester som Nav.no, Lånekassen, digital ID og opne data.
Målet med 23 offentlige ting er at bibliotektilsette skal:
- Utforske og lære om dei viktigaste digitale offentlege tenestene.
- Bli betre i stand til å veilede publikum i bruk av tenestene.
- Utforske ein ny måte å lære på.