Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tirsdag 29. mai 09:45 - Onsdag 30. mai 15:00

Quality Hotel Alexandra, Molde

AVLYST: Workshop i lesersørvis i Romsdal

På grunn av lav påmelding blir kurset avlyst. Nye datoar kjem over sommaren.

Kva gjer du når lånaren spør om du kan anbefale ei god bok? Dette er alltid ei spanande utfordring for tilsette i folkebiblioteka. For alle lesarar liker ikkje det same – korleis finn dei då den rette boka til kvar einskild?

Lesersørvis er ein formidlingsmetode som opphaveleg kjem frå USA, og er utvikla for norske forhold av fylkesbiblioteket i Telemark. Den handlar om å finne kva sider ved bøkene som har appell til dei ulike lånarane, og finne parallellar til andre titlar. 

Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal held regionvise kurs i Lesersørvis, og no er turen komen til biblioteka i Romsdal.

Stad: Kurset blir halde på Hotell Alexandra i Molde den 29. og 30 mai.

Kursavgift: 750,-, som inkluderer boka "Lesersørvis" og lunsjbuffet begge dagar. Kurset er ei blanding av teori og praktiske øvingar.

Påmelding, kurs i Lesersørvis, Molde 29.-30. mai
Påmeldingsfrist 21. mai

PROGRAM

Dag 1:

09.45: Presentasjon av deltakarane og deling av erfaringar. Korleis foregår leserrettleiinga i biblioteka til dagleg?

10.15: Introduksjon: Kva er Lesersørvis?

10.45: Pause

11.00: Teori. Gjennomgang av appellfaktorar og Lesersørvis-samtalen.

12.00: Lunsj

13.00: Workshop med 10 bøker. Hurtiglesing som verktøy.

14.30: Pause

14.45: Oppsummering av dagen, spørsmål

15.00 Programslutt

 

Dag 2:

09.00 Lesesirkel. Samtale om ei bok som alle har lese på førehand. Kva er appellfaktorane her?

10.15: Å skrive bokskildringar. Introduksjon og øving.

11.00: Pause

11.05: Lesersørvis-samtalen. Øving i smågrupper.

12.00: Lunsj

13.00: Lesersørvis-samtalen forts.

13.30: Indirekte formidling: Lage utstillingar, flyers og brosjyrer med utgangspunkt i bokmeldingar.

14.00: Avslutning/oppsummering. Korleis kjem vi i gong, kvar går vegen vidare?

Kontaktpersonar

Madelen Ramsøy Madelen Ramsøy
Bibliotekrådgivar
71 28 05 02 /
Mob. 934 40 410
Send e-post
Bjørn Vatne
Rådgivar
71 28 05 10 /
Mob. 922 18 629
Send e-post