Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Onsdag 21. mars 11:00 - Torsdag 22. mars 15:00

Quality hotel Ulstein, Ulsteinvik

Biblioteksjefsmøte 2018

Velkommen til biblioteksjefmøtet 2018!

21. og 22. mars inviterer vi til to dagar med viktig fagleg påfyll og sosialt samvær med gode kollegaer. Biblioteksjefmøtet er i år lagt til Ulsteinvik, i høve det nye biblioteket der. Her er nokre smakebitar frå årets program, meir kjem etterkvart:

 

21. mars: Sett ord på kor viktig biblioteket er

Ein dag om påverknad, marknadsføring og lobbyverksemd. Korleis kan ein snakke til ein politikar slik at han eller ho forstår kor viktig det er med eit godt bibliotektilbod? Korleis nå ut til publikum og til presse? Og korleis måler vi verdien av et bibliotek?

Sunniva Evjen frå OsloMet – storbyuniversitetet kjem til Ulsteinvik for å snakke om biblioteket i et samfunnsmessig perspektiv, og om å sette verdi på biblioteket. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag og har skrive doktoravhandlinga: «Placing the public library – a comparative analysis of political perceptions».

Dagen avsluttast med kulturelt innslag og middag.

 

22. mars: Hjelp, eg har blitt arrangør!

I januar kom programkatalogen for våren i Bergen offentlige bibliotek. Den er på 116 sider! Korleis klarer dei å programmere lang tid framover, korleis utnyttar dei lokale ressursar og korleis finansierer dei alt saman? Programansvarleg Charlotte Myrbråten kjem til biblioteksjefmøtet for å fortelle om arbeidet sitt.

Frå Kristiansand folkebibliotek kjem biblioteksjef Anne Kristin Undlien for å snakke om korleis dei har handtert kontroversielle saker i biblioteket, som da den innvandringskritiske organisasjonen SIAN ville halde debattmøte i biblioteket.

For vgs-bibliotekarar har vi satt av denne dagen til "Informasjonskompetanse og kjeldekritikk" ved Monica Cecilia Marchant som er spesialbibliotekar ved NTNU i Ålesund. Ho har brei kompetanse innan kjeldebruk, referansehandtering, informasjonskompetanse, kunnskapsdatabaser og systematiske litteratursøk. Ho underviser både tilsette og studentar innan desse emna. Ho vil snakke om kva elevane på VGS bør kunne før dei startar opp med høgare utdanning, samt komme med gode undervisningstips. I tillegg vil vi ha nettverksmøte.

Påmeldingsfrist er 8. mars.

Kontaktpersonar

Annette Elin Koch Annette Elin Koch
Fylkesbiblioteksjef
71 28 05 03 /
Mob. +47 41455913
Send e-post
Inger Lise Aarseth Inger Lise Aarseth
Førstekonsulent
71 28 05 04
Send e-post

Dokument

Program Biblioteksjefsmøtet 2018
PDF-dokument - 696,47 kB