Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Kalender - fylkesbiblioteket > Bli ein superbrukar - effektiv Google-søking, kjeldekritikk og vitskaplege dokument

Tirsdag 30. januar 09:30 - Onsdag 31. januar 16:00

Molde og Ålesund

Bli ein superbrukar - effektiv Google-søking, kjeldekritikk og vitskaplege dokument

Dagskurs med Lasse Christensen frå Bærum bibliotek, som har utarbeidd ein svært god Nettguide, dvs. vegvisar til internett: http://barum.folkebibl.no/nettguide/

Kurset vil ta for seg effektiv søking i Google, alternativ til Google, falske nyheiter og kjeldekritikk, finn dei rette søkeorda, søk etter vitskapleg materiale.

Det vert kurs i Molde (Fylkeshuset, datakursrom) 30.1.2018 og i Ålesund (fylkesbiblioteket sine lokale) 31.1.2018. I Ålesund må kursdeltakarane ha med eigen pc

Deltakaravgift 200 kr. Påmeldingsfrist: 18. januar 2018

Programskisse for kurset:

1. Bli ein superbrukar - effektiv googlesøking. Kortare innleiing og oppgåver/øvingar for å bli kjent med finessane i Google

2. Alternativ til Google

3. Falske nyheiter og kjeldekritikk

4. Søk etter vitskapleg informasjon. Kva bør ein bibliotekar i eit folkebibliotek kunne? Meir om det å finne dei rette søkeorda

Før kurset bør deltakarane sjå på dette: : http://barum.folkebibl.no/nettguide/effektiv-soking-i-google/

Bli ein superbrukar på nettet - kurs i Molde og Ålesund
Påmeldingsfrist 18. januar 2018

Kontaktpersonar

Heidi Drageseth
Bibliotekrådgivar
70 16 22 72
Send e-post