Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Torsdag 19. april 10:00 - Torsdag 19. april 14:00

NTNU Ålesund, Larsgårdvegen 2, auditoriet

Fagdag om makerspace

Vi inviterer til fagdag om makerspace/skaparverkstad. Makerspace er eit tilbod der ein lærer å utforske, dele erfaringar, kunnskap og utveksle idear om ulike emner frå strikking til robot-bygging! Aktivitetane i ein makerspace skapast av deltakarane og dei behova som oppstår. Vi tilbyr tre ulike foredrag som gir både ei fagleg og praktisk tilnærming.

Arrangementet er eit samarbeid mellom North West, Ålesund bibliotek og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foredragshaldarar:
Renata A. Christensen er litteraturformidlar på Deichman Bjerke filial. Ho har ansvaret for organisering og marknadsføring av deira skaparverkstad. Deichman Bjerke har sidan 2017 tilbydd familieverkstad kvar laurdag. Desse har fokus på samarbeid, gjenbruk og kvalitet, og ho vil fortelje om tilbodet som har blitt til med knappe ressursar. Skaparverkstadene har blitt svært populære og godt besøkt.

Renata har bakgrunn som scenekunstnar og fysikar- astronom. Ho har sett opp fleire tverrfaglege sceneproduksjonar og har mykje erfaring frå arbeid med barn, ungdom og vaksne.

Marika Alneng er frilansbibliotekar og forfattar av boka Folkbibliotek i förändring, navigera med medie- och informationskunnighet. Ho har jobba med utvikling av makerspacekonseptet. No er ho prosjektleiar for ei satsing i Sörmland i Sverige, der ho saman med bibliotektilsette i regionen utforskar skapande aktiviteter som metode for meir inkluderande bibliotekverksemd. Førelesinga vil ha ei praktisk tilnærming med døme frå skapande aktiviteter i ulike verksemder.
Ho presiserer at makerspace på folkebibliotek er å jobbe med inkludering og myndiggjering,  slik at både tilhøyrigheit, delingskultur og læring styrkast. Dette bidreg og til auka medie- og informasjonskompetanse (MIK), ettersom ein gjennom digital skaping utviklar kompetanse som er viktig å ha for aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn.

Marika har med seg sin kollega og store makerinspiratør Åke Nygren. Han beskriver seg sjølv som en digital aktivist med stort engasjement for alt som rører seg innen digital teknikk og digitale utviklingsspørsmål. Åke ønsker at biblioteksektoren i større grad skal betrakte seg sjølv som eit læringsmiljø, og koble dette tydelegare til bibliotekets samfunnsoppdrag.  

Audun Hopland er tilsett i Ulstein kommune og er leiar for Kodeklubben Ulsteinvik som er tilknytta organisasjonen Lær Kidsa Koding (LKK). Den maritime klynga på Møre er ei av dei mest teknologi- og innovasjonsdrivande næringsklyngene i Noreg. Ulstein kommune ønsker å  ta barn og unge si skaparkraft og nyfikenheit på alvor, for å sikre at regionen fortsatt skal vere ein tung aktør i ei av dei mest teknologi- og innovasjonsdrivande næringsklyngene innanfor maritime næringar i verda.  Kodeklubben Ulsteinvik har faste samlingar i det nye biblioteket i Ulstein Arena, og driv både kodeklubb og skaparverkstad. ​​Dei​ ​ønskjer​ ​som​ ​ein del​ ​av​ ​LKK​ ​å ​tilretteleggje​ ​for​ ​at​ ​born​ ​og​ ​unge​ ​skal​ ​verte​ ​medvitne​ ​om ​teknologi​ ​som brukarar​ ​og​ ​skaparar, at​ ​dei ​​skal​ ​gå ​frå ​å ​være​ ​konsumentar​ ​av​ ​teknologi​ ​-​ ​til å ​bli​ ​produsentar​ ​av​ ​teknologi.​ ​Kodeklubben ​ønsker​ ​å ​tilby​ ​born​, unge​ ​og​ ​andre​ ​i​ ​regionen​ ​ein​ ​plass​ ​der dei​ ​kan​ ​leike​ ​og​ ​skape, ​utforske​ ​og​ ​innovere.​ ​At​ ​tilbodet​ ​er​ ​gratis,​ ​vil​ ​også ​vere​ ​med​ ​på å motverke​ ​det​ ​digitale​ ​klasseskiljet,​ ​og​ ​gje​ ​alle​ ​samme​ ​moglegheit​ ​til​ ​å ​fordjupe​ ​seg​ ​i​ ​teknologi og​ ​skaparglede.

Program for dagen:

10:00-10:45: Marika Alneng og Åke Nygren

10:45-11:00: Pause

11:00-11:45: Marika Alneng og Åke Nygren

11:45-12:15: Enkel lunsj

12:15-13:00: Renata Christensen

13:00-13:15: Pause

13:15-14:00: Audun Hopland

Arrangementet er gratis og det blir enkel servering.

Velkomen til ein spanande fagdag om makerspace!