Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Kalender - fylkesbiblioteket > Fylkesbibliotekenes litteraturformidlingsseminar i Alta

Onsdag 31. oktober 09:00 - Torsdag 1. november 16:00

Alta

Fylkesbibliotekenes litteraturformidlingsseminar i Alta

Vi vil med dette ynskje velkommen til litteraturformidlingsseminar i Alta, 31.10-1.11 2018! Her samlast tilsette i fylkesbibliotek frå heile landet for å dele erfaringar med litteraturformidling og få fagleg påfyll. Arrangørar i år er fylkesbiblioteka i Finnmark og Møre og Romsdal.

Seminaret går over to dagar, der første dag har arbeidstittel "Litteraturformidling på tvers" og handlar om nye tilnærmingar og ulike former for samarbeid om formidling. Her får vi mellom anna møte formidlingskonseptet Ferdigsnakka, som kombinerer musikk og litteratur. Vi får også høyre om Lesarhistoria - nye vegar til lesaren, eit prosjekt frå fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane, OsloMet og fem kommunar i Sogn og Fjordane, der biblioteka samarbeidar med skular og barnehagar om å skape leselyst.

Dag to har tittelen "Skjulte skattar i hylla" og tek for seg korleis ein kan løfte fram bøker frå samlinga som fortener ein plass i rampelyset. Her får vi mellom anna besøk av bibliotekar Ellen Berg Larsen frå Tromsø bibliotek, som har skrive masteroppgåve om Shared reading og teke i bruk metoden i biblioteket. Fullt program kjem over sommaren.

Seminaret arrangerast i år parallelt med Finnmark internasjonale litteraturfestival (Finnlitt), og vi får også oppleve fleire smakebitar frå det rikhaldige programmet der. Tema for Finnlitt 2018 er «Ærlig talt». Sist, men ikkje minst: dette er også ein unik sjanse til å sjå ein vakker del av landet som ein sjeldan har høve til å vitje.

Påmeldingsskjema finn du nederst på denne sida. Det komplette programmet lanserast i starten av august, men vi anbefalar at du melder deg på allereie no sidan det er begrensa med flyavgangar og hotell i Alta.

Fylkesbibliotekenes litteraturformidlingsseminar i Alta
Påmeldingsfrist: 01.09.2018

Kontaktpersonar

Bjørn Vatne
Rådgivar
71 28 05 10 / Mob. 922 18 629
Send e-post
Inger Lise Aarseth Inger Lise Aarseth
Førstekonsulent
71 28 05 04
Send e-post