Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tirsdag 18. september 10:30 - Tirsdag 18. september 15:00

Vestnes fjordhotell, 18.9.18 kl. 10:30-15:00

Inspirasjonssamling for leseombod 2018

Møre og Romsdal fylkeskommune har lagt årets inspirasjonssamling for leseombod i Møre og Romsdal til Vestnes fjordhotell tysdag 18. september.

 

Med oss denne dagen har vi: 

     

Kari Bolette Kjølberg Lundal, tidlegare barnebibliotekar ved Stord folkebibliotek. Ho har studert munnleg forteljing og folkloristikk (folkeminne/kulturstudier),  og lagar program med ulikt innhald, både for barn og vaksne. Formidlingsforma er ofte ein kombinasjon av munnleg fortelling og høgtlesing.

                        
     
Ellen Wisløff
Ellen Wisløff starta i 2014 Instagramkontoen @renpoesi, og har gitt ut fire antologiar med favorittdikt derifrå. Ho har ei diktspalte i VG Helg, og er programleiar i poesiprogrammet «Ordet fanger» på P2. Ho vil presentere arbeidet sitt og nokre dikt – og elles snakke om korleis vi kan bruke poesi i arbeidet vårt! 
   
     

Møre og Romsdal har mange engasjerte og dyktige leseombod. Denne samlinga er først og fremst meint som inspirasjon for desse, frivillige som brukar fritida si på å lese for og samtale med menneske som har behov for det. I tillegg til alle tilsette som legg til rette for dette arbeidet som ein del av jobben sin ved dei ulike institusjonane.

Invitasjon til samlinga har gått ut til alle leseomboda i fylket. Har du lyst til å bli leseombod så ta kontakt med ditt lokale bibliotek innan 10. september og meld deg på inspirasjonsdagen.  

Logo fylkesbiblioteket