Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Kalender - fylkesbiblioteket > Leiarutviklingsprogram for bibliotektilsette - 3. samling

Onsdag 4. september 08:30 - Torsdag 5. september 16:00

Scandic Alexandra, Molde

Leiarutviklingsprogram for bibliotektilsette - 3. samling

Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomfører eit leiarutviklingsprogram for 17 biblioteksjefar i fylket. Målet er å gi både praktisk og matnyttig kunnskap om ulike formar for leiing og korleis dette kan brukast til å styrke folkebiblioteket si rolle i lokalsamfunnet. Dette inneberer innsikt i leiing på ulike nivå og kva det betyr å kunne leie prosjekt og nettverksarbeid. Programmet inneheld strategisk leiing, men også dagleg leiing, leiing av utviklingsarbeid og leiing i samarbeidsrelasjonar. 

Programmet er forankra i fylkeskommunen sin «Fagplan for bibliotek 2017-2020», der kompetanse i folkebiblioteka er eit viktig satsingsområde. Programmet har også teke utgangspunkt i spørjeundersøkinga «Kompetanse og kompetansebehov i bibliotekene i Møre og Romsdal» (Møreforskning, 2018).

Programmet er utvikla i samarbeid med Sølvi Tellefsen og Lars Wang frå konsulentselskapet insam as og Sunniva Evjen frå bibliotekutdanninga ved OsloMet. Dette er eit team som har stor erfaring og kompetanse både når det gjeld driftsleiing og utvikling av bibliotek, og utvikling av leiing i mange andre typar verksemder.

På første samling i april var tema biblioteket si rolle i lokalsamfunnet og korleis denne rolla har utvikla seg. Det vart også fokusert på ulike leiarroller og relevante perspektiv på leiing.

Andre samling tok for seg tema som rører ved mellomleiarnivået og korleis leie små og mellomstore organisasjonar. Fokus var «meg som leiar», og dei utfordringar og dilemma rolla som mellomleiar har. Samspelet mellom leiing, fag og politikk var viktig.

På 3. og siste samling i september er tema praktiske verktøy og metodar i utøving av leiarrolla. Vi vil mellom anna drøfte korleis det «store og vesle styringshjulet» i kommunane kan brukast i leiing og utvikling av folkebiblioteket. Med utgangspunkt i kommunen sitt plan- og styringssystem vil vi belyse og drøfte kva slags andre verktøy som kan vere hensiktsmessig i både linje, prosjekt og nettverksleiing. Program blir sendt ut til påmeldte.

Møre og Romsdal er gjennom dette leiarutviklingsprogrammet eit føregangsfylke når det gjeld denne type kompetanseutvikling. Vi er stolte over å tilby eit program som vil vere nyttig for den enkelte bibliotekleiar og folkebiblioteket. Programmet vil vere med på å utvikle biblioteka si rolle og betyding i samfunnet