Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Onsdag 12. juni 12:23 - Torsdag 13. juni 12:23

Ålesund og Molde

Leiarutviklingsprogram for folkebiblioteka

Møre og Romsdal fylkeskommune invitere til eit skreddarsydd leiarutviklingsprogram for alle biblioteksjefane i fylket. Målet er å gi både praktisk og matnyttig kunnskap om ulike formar for leiing og korleis dette kan brukast til å styrke folkebiblioteket si rolle i lokalsamfunnet. Dette inneberer innsikt i leiing på ulike nivå og kva det betyr å kunne leie prosjekt og nettverksarbeid. Programmet inneheld strategisk leiing, men også dagleg leiing, leiing av utviklingsarbeid og leiing i samarbeidsrelasjonar. 

Biblioteket si rolle som aktør for lokalsamfunnsutvikling og knutepunkt for kunnskap, kultur og demokrati vil vere eit viktig utgangspunkt. Det vil også bli tatt opp korleis biblioteket kan bidra til ei bærekraftig samfunnsutvikling i vid forstand.
Programmet er utvikla i samarbeid med Sølvi Tellefsen, Lars Wang frå konsulentselskapet insam as og Sunniva Evjen frå bibliotekutdanninga ved OsloMet. Dette er eit team som har stor erfaring og kompetanse både når det gjeld driftsleiing og utvikling av bibliotek, og utvikling av leiing i mange andre typar verksemder.

Kurs i sosiale medier

Frå kurs i sosiale medier

Programmet består av tre samlingar over 2 dagar, der vi også kjem til å bruke kveldane aktivt. Før første og siste samling blir det også lagt opp til individuell rettleiing.

Samling 1: Biblioteket i samfunnet (2-4. april)
Samlinga vil fokusere på biblioteket si rolle i lokalsamfunnet og korleis denne rolla har utvikla seg. Det vil også bli fokus på ulike leiarroller og relevante perspektiv på leiing. Dagen før første samling vil det bli individuelle samtalar (tid blir avtalt med kvar enkelt) og vi samlast til felles middag på kvelden. Samlinga finn stad på Scandic Ålesund. Dagen før første samling vil det bli individuelle samtalar (tid blir avtalt med kvar enkelt) og vi samlast til felles middag. Samlinga finn stad på Scandic Ålesund.

Samling 2: Mellom barken og veden (12-13. juni))
Samlinga vil ha fokus på tema som rører ved mellomleiarnivået og korleis leie små og mellomstore organisasjonar. Her vil det vere fokus på «meg som leiar», og dei utfordringar og dilemma rolla som mellomleiar har. Det vil på denne samlinga bli lagt vekt på forskjellen mellom leiing og administrasjon, og korleis begge desse aspekta kan utviklast. Samspelet mellom leiing, fag og politikk vil vere viktig. Samlinga finn stad på Scandic Alexandra i Molde.

Samling 3: Verktøykassa (4.-5.september)
På siste samling vil vi sjå på praktiske verktøy og metodar i utøving av leiarrolla. Vi vil mellom anna drøfte korleis det «store og vesle styringshjulet» i kommunane kan brukast i leiing og utvikling av folkebiblioteket. Med utgangspunkt i kommunen sitt plan- og styringssystem vil vi belyse og drøfte kva slags andre verktøy som kan vere hensiktsmessig i både linje, prosjekt og nettverksleiing. Dagen før samlinga vil det bli individuelle samtalar (tid avtalar vi med kvar enkelt) og vi samlast til felles middag. Stad for samlinga avklarast seinare.

Arbeidsform
Programmet er basert på aktiv deltaking frå kvar enkelt. I dette ligg det at erfaringar, utfordringar og moglegheiter i det enkelte bibliotek vil være et viktig utgangspunkt gjennom heile samlinga. Det vil også vere mogleg å tilpasse arbeidet på samlinga til dei behov og ønskje som deltakarane har. De vil vere viktige ressursar for kvarandre, og di deltaking vil difor også være viktig for at heile fylket skal kunne utvikle biblioteka saman.

Kontaktpersonar

Inger Lise Aarseth Inger Lise Aarseth
Førstekonsulent
71 28 05 04
Send e-post
Cecilie Røe
Spesialbibliotekar
71 28 05 09 /
Mob. 952 10 109
Send e-post

Dokument

Program for samlingane
PDF-dokument - 98,38 kB