Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Kalender - fylkesbiblioteket > Ut av hylla! Presentasjon av kulturfondbøker frå 2018

Tirsdag 18. juni 10:30 - Tirsdag 18. juni 14:30

Vestnes fjordhotell

Ut av hylla! Presentasjon av kulturfondbøker frå 2018

Vi har gleda av å tilby eit kurs der Merete Byrøygard og Linn T. Sunne presenterer høgdepunkta av dei norske og utanlandske kulturfondsbøkene for vaksne som blei sendt til biblioteka i 2018. Merete Byrøygard er barne- og ungdomsbibliotekar i Lom, og Linn T. Sunne forfattar og litteraturformidlar ved Oppland fylkesbibliotek. 

Både bokbloggar på nettet og bokhandlane fløymer over av bestseljarar, ein trend som tvingar særleg norske romanar inn i skuggen. Det blir såleis ganske tilfeldig kva bøker som blir «oppdaga» og trekte fram for lesarane – alt etter som kven som les og omtalar desse romanane. Mange av bøkene som blir utsende frå Kulturrådet, blir på norske bibliotek ofte berre sette på hylla utan meir merksemd.  Dersom lånarar på norske bibliotek ikkje får formidla annan god litteratur, låner dei ofte bøker etter omslaget. Det er avgrensa kor mange nye bøker norske bibliotekarar rekk å lese til ei kvar tid, medan dei kvar einaste dag står overfor lånarar som fortener å få formidla god norsk og utanlandsk litteratur.

På bakgrunn av dette ønskjer Byrøygard og Sunne å formidle nokre av dei kulturfondbøkene frå fjoråret som fortener å få sin rettmessige plass blant alle dei store bestseljarane. Gjennom levande formidling ønskjer vi at desse bøkene skal kome ut til folket via biblioteka, og at fleire lånarar skal få oppleve både breidda og trendar i ny, god litteratur.

Program:

kl. 10:30-11:00 Registrering

kl. 11:00 Programstart

kl. 12:00 Lunsj

kl. 14:30 Programslutt

Deltakaravgift kr 500 inkl. enkel lunsj

Ut av hylla! - presentasjon av KF-bøker frå 2018
Påmeldingsfrist: 3. juni 2019

Kontaktpersonar

Åshild Widerøe
Rådgivar
71 28 05 02
Send e-post