Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Åpning av nytt bibliotek på AMFI Moa

Åpning av nytt bibliotek på AMFI Moa

Torsdag 1. november var dagen for opninga av AMFI Moas nye storstue, Moa bibliotek.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal fekk det ærefulle oppdraget å erklære det nye biblioteket for opna. Biblioteket var fylt med ivrige brukarar, og vi fekk høyre gode ord frå kultursjef Oskar Skulstad, leiar i NBF Mariann Schjeide og biblioteksjef Mette Aaram Ringstad. Marit Kaldhol stod for det kulturelle innslaget saman med musikar Jøran Hatten, med eit spesialkomponert stykke.

Dei tilsette hadde gjort ein strålande jobb med å få alt på plass, og vi trur at alle var svært fornøgde når dei fekk sjå resultatet av arbeidet som ligg i botn.

Fylkesbiblioteket gratulerer så mykje med eit fantastisk nytt bibliotek!