Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Årets bok til alle-bibliotek 2015

Molde bibliotek Årets bok til alle-bibliotek 2015!

Eit Bok til alle-bibliotek er med i nettverket til Leser søker bok, ei foreining som m.a. gir økonomisk støtte og råd til forfattarar, illustratørar og forlag som ønskjer å gi ut bøker tilpassa menneske med ulik leseevne.

Årets bok til alle-bibliotek 2015

Bok til alle-biblioteka forpliktar seg til å gjere desse bøkene godt synlege og lette å finne for bibliotekbrukarane, og dei bibliotektilsette skal kunne gje gode råd om kva bøker som kan passe best for ulike typar lesevanskar. Vidare skal dei rekruttere frivillige til å vere leseombod som jamleg les høgt for menneske som av ein eller annan grunn ikkje kan lese sjølve, t.d. eldre med synsvanskar, menneske med demens, utviklingshemming, eller folk som kan lite norsk.

Årets bok til alle-bibliotek 2015

Årets bok til alle-bibliotek 2015

I grunngjevinga frå Leser søker bok heiter det: «Molde bibliotek har vært med i Bok til alle-nettverket siden oktober 2011. […] Til tross for at de har vært gjennom en stor flytteprosess, har de klart å opprettholde satsingen på Bok til alle. De har rekruttert hele 33 leseombud det siste året! Et usedvanlig høyt tall. Biblioteket har i tillegg arrangert mange inspirasjonssamlinger og gjennomført språkkafé. […] Molde bibliotek har gjort en veldig god jobb med å synliggjøre tilbudet sitt. På nettsidene til biblioteket er det informasjon til nye leseombud, og lenker til bøker som kan egne seg til høytlesing.»

I Møre og Romsdal er 20 av folkebiblioteka med i dette nettverket.

Fylkesbiblioteket gratulerer Bok til alle-kontakt Gro Sandvik Fegth og biblioteksjef Evy Sesilie Bergum med det imponerende arbeidet!