Kontaktpersonar
Arrangementsstøtte 2019
Frå 2019 vert arrangementsstøtte til biblioteka del av den fylkeskommunale ordninga: |
«Tilskot til lokale kulturarrangement» |
Den tidlegare ordninga med Arrangementsstøtte til biblioteka var ei prøveordning over 3 år, denne ordninga gjekk ut 2018. Frå 2019 er arrangementsstøtte del av den fylkeskommunale ordninga "Tilskot til lokale kulturarrangement".
Det er søknadsfrist 4 gonger i året, den første fristen i 2019 er 28. februar. (Seinare fristar: 15.5., 15.9., 15.11.) Vi gjer merksam på at for slike tilskot gjeld krav om minimum 50% eigenandel, og denne eigenandelen kan ikkje vere eige arbeid. Eigenandelen må vere rein økonomi, og den kan bestå av tilskot frå andre bidragsytarar. Søknad skal sendast gjennom portalen http://www.regionalforvaltning.no. Kommunane bruker denne portalen til søknader på andre tilskot, så de må vende dykk til kommuneadministrasjonen for å få tildelt brukarnamn/passord. Her er lenke til «Tilskot til lokale kulturarrangement»:
|
Oppdatert: 08.02.19